Nyheter

Gler seg over Israels nye regjering

VESTBREIDDA: Ringreven Benjamin Netanyahu klarar å skipe regjering, som vil styrkje kontrollen over Vestbreidda. Norske Israels-vener har samla inn nesten 20 millionar kroner på ti år. Mykje blir gjeve til busetjarar på Vestbreidda.

– Me brukar ikkje det ordet. Hjå oss heiter det Judea og Samaria.

John Skåland omtalar aldri områda vest for Jordanelva som Vestbreidda. For leiaren i den kristne organisasjonen Karmel-Instituttet er berre dei bibelske namna Judea og Samaria gangbare. Israel skal ha kontrollen med områda, slik det står i Bibelen, seier Skåland.

FN og verdssamfunnet på andre sida slår fast at Israel okkuperer Vestbreidda, og i eit brev til Stortinget i desember viser utanriksminister Anniken Huitfeldt fram Norges syn: «Vi mener den israelske okkupasjonen må ta slutt. Vi er tydelige i vår kritikk av de folkerettsstridige israelske bosetningene.»

No står Vestbreidda sentralt i skipinga av ny regjering, og i politikken til Israels eks-statsminister Benjamin Netanyahus skjøre samarbeidsregjering.

Vil byggje meir

– Me er glade for Israels nye regjering, seier Skåland til Vårt Land.

Han peikar særleg på busetjingspolitikken.

Rett før fristen gjekk ut onsdag, melde Netanyahu at han har klart å skipe ei ny regjering, etter seige forhandlingar. Regjeringa blir presentert i løpet av ei veke.

Netanyahus parti, Likud, fekk berre 32 plasser i nasjonalforsamlinga Knesset etter valet. For å ha fleirtal må ein ha 61 seter. Påtroppande statsminister skal regjere saman med ultranasjonalistiske parti og parti på ytre høgre fløy i israelsk politikk.

Leiarane for to ytre høgre-parti, Bezalel Smotrich og Itamar Ben-Gvir, ivrar særleg for å utvide dei israelske busetjingane på Vestbreidda, og få sterkare israelsk kontroll i heile området.

Oslo-avtalen frå 1995 delte Vestbreidda inn i tre sonar:

  • Område A: Palestinarane har både sivil og militær kontroll.
  • Område B: Palestinarane har sivilt styre, Israel har militær kontroll.
  • Område C: Israel har både sivil og militær kontroll.

Me er glade for Israels nye regjering

—  John Skåland, leiar Karmel-Instituttet
Ny Israel-regjering

Meir makt på Vestbreidda

I starten av desember blei Netanyahu og Smotrich samde om ein avtale. Partiet til Smotrich blei lova ein ministerpost som høyrer innunder forsvarsdepartementet, og skal ha ansvar for busetjingspolitikken.

Netanyahus andre partnar frå ytre høgre, Itamar Ben-Gvir, blir truleg ny tryggingsminister med større ansvar for politiet, eit ansvar som skal strekkje seg inn på Vestbreidda.

Smotrich ivrar for auka bygging av israelske busetjinger på den okkuperte Vestbreidda. I dag bur det kring 475.000 israelske busetjarar på Vestbreidda, som har 2,9 millionar palestinske innbyggjarar.

Busetjingane er ulovlege etter internasjonal folkerett ettersom området er okkupert av Israel. USA har nyleg åtvara Netanyahu: USA vil motsetje seg nye israelske busetjingar og ein eventuell israelsk annektering av Vestbreidda.

Nesten 20 millionar

John Skåland i Karmel-instituttet er usamd. Organisasjonen han leiar samlar kvart år inn gåver for å støtte bygging av busetjingar på Vestbreidda, samt drifta av to senter i Jerusalem og Ashdod.

Vårt Lands gjennomgang av rekneskapet for dei ti siste åra, 2012-2021, viser at Karmel-Instituttet har fått inn 19,4 millionar kroner i gåver.

Større summer er slusa til særleg ei busetjing på Vestbreidda, Alonei Shilo.

– Me hjelper til med ulike byggjeprosjekt, fortel Skåland.

– Kor mange sluttar opp om Karmel-Instituttet?

– Kring 5.000 får bladet vårt, så me er mange.

---

Vestbreidda

  • Etter seksdagarskrigen i 1967 har Vestbreidda vore okkupert av Israel. Med resolusjon 242 frå 1967 kravde FNs tryggingsråd at Israel trekte seg ut av områda dei hadde okkupert.
  • Israels okkupasjon av Vestbreidda blir av verdssamfunnet definert som illegal.
  • Israel avviser dette, og omtalar Vestbreidda som «omstridde områder».
  • Oslo-avtalen frå 1995 deler Vestbreidda i tre sektorar, der palestinarane har både sivil og militær kontrol i ein.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter