Nyheter

Noreg takka nei til Qatar-avtalar

DIPLOMATI: Qatar er på sjarmoffensiven, og har spurt Noreg om å inngå seks bilaterale avtalar dei siste tre åra. Noreg vender førebels den kalde skuldra til.

Dei siste tre åra har VM-arrangør Qatar kome med fleire diplomatiske framstøyt mot Noreg. Vårt Land har gått gjennom offentlege postlister, og funne seks qatarske forsøk på å få i stand avtalar med Noreg.

Noreg har takka nei til tre av førespurnadene og late to av dei stå ubesvart. Eit av framstøyta gjeld ein avtale om økonomisk, kommersielt og teknisk samarbeid. Qatar har ved gjentekne høve over ei årrekke purra på denne avtalen.

12. oktober, ein dryg månad før Fotball-VM starta, sende Noreg svar: Eit høfleg avslag på det qatarske initiativet.

– Me set pris på dykkar forslag om ein avtale (...) men me vil foreslå å heller prioritera den allereie eksisterande frihandelsavtalen, skriv Utanriksdepartementet i avslaget.

Qatar driv eit dobbeltspel som ingen andre.

—  Rania Maktabi, Midtausten-forskar

Sa nei til investeringsavtale

Dette er ikkje det einaste framstøyten frå Qatar. I oktober i fjor kontakta Qatar norsk UD med forslag om ein investeringsavtale. Utkastet til avtale er på 13 sider, og har som mål å auka det økonomiske samarbeidet mellom dei to landa.

I januar i år kom svaret. Også her takkar Noreg nei til invitasjonen, og viser til eksisterande frihandelsavtale.

r

– Noreg har ikkje inngått bilaterale investeringsavtalar sidan tidleg 1990-tal og me ser ikkje for oss at me vil gå inn i nye slike forhandlingar i den nære framtida, skriv Nærings- og fiskeridepartementet i avslaget.

Noreg og Qatar er del av frihandelsavtalen mellom EFTA og dei sokalla GCC-landa: Bahrain, Dei sameinte arabiske emirat, Kuwait, Oman, Qatar og Saudi-Arabia. Avtalen har vore gjeldande sidan 2014.

Me ønsker ikkje å lova meir enn me kan halda på sikt.

—  Guri Solberg, Utanriksdepartementet

Ønska samarbeid om sport, ungdom og utdanning

I midten av november 2019 sende Qatar av garde fire førespurnader om såkalla Memorandum of Understanding (MoU).

I ein MoU-avtale uttrykker partane ei felles forståing. Ein slik avtale kan vera folkerettsleg bindande. Qatar har ønska seg fire slike MoU-avtalar med Noreg. Dei gjeld samarbeid om:

  • Politisk konsultasjon
  • Sport og ungdom
  • Utdanning og forsking
  • Samarbeid med Oslo handelskammer

I oktober 2020 takka Noreg nei til forslaget om samarbeid om utdanning og forsking. I avslaget peiker Kunnskapsdepartementet på at regjeringa har ein «generell og restriktiv» politikk på denne type formelt samarbeid.

Forskar: Qatar er lilleputtstat med store ambisjonar

Midtausten-forskar Rania Maktabi er ikkje er overraska over framstøyta frå Qatar. Ho kallar Qatar ein «lilleputtstat med store utanrikspolitiske ambisjonar» og peiker på at Qatar har klara å halda seg inne med svært ulike land.

– Qatar driv eit dobbeltspel som ingen andre. Dei er vener både med Israel og Hamas, og med styresmaktene i Egypt og Det muslimske brorskap.

f

Maktabi fortel at ho er overraska og litt skuffa over Noregs nei.

– Noreg har sterke fagforeiningar og kan vera med å gjera noko for arbeidsvilkår for framandarbeidarar i Qatar.

Under Fotball-VM har debatten rulla om boikott. Sjølv er Maktabi skeptisk til ei avvisande haldning ovanfor Qatar.

– Eg opplever Qatar som eit land som ønsker å visa at dei vil noko.

UD: – Dette hadde ingenting med fotball-VM å gjera

– Det er ikkje tilstrekkeleg grunnlag for kontakt i dag mellom Norge og Qatar på mange av desse fagområda til å inngå nokon eigen avtale, skriv Guri Solberg ved Utenriksdepartementets presseavdeling i ein e-post.

Ho skriv at slike MoU-avtalar som Qatar ønsker seg, er ein vanleg arbeidsmåte for mange land, særleg i Asia og Midtøsten.

Men, skriv ho: For Noreg kan ein MoU-avtale på eit bestemt område «opplevast som meir forpliktande enn nødvendig».

– Me ønsker ikkje å lova meir enn me kan halda på sikt.

– I oktober takka Noreg nei til forslaget om økonomisk samarbeid, etter mange år med purring frå Qatar. Har timinga noko med Fotball-VM å gjera?

– Norge takka nei til å inngå ein slik avtale då me alt har ein frihandelsavtale gjennom EFTA der Qatar inngår som part. Dette hadde ingenting med fotball-VM å gjera.

Har samarbeid om politiske konsultasjonar

Medan Noreg har avslått tre qatarske initiativ, har forslaga om samarbeid med Oslo handelskammer og samarbeid om sport og ungdom ikkje blitt svara på frå norsk side.

i

Guri Solberg opplyser at Noreg alt har ei ordning om samarbeid om politiske konsultasjonar med Qatar, saman med andre land i Gulfen.

– Ein MoU om politiske konsultasjonar betyr berre at me sett oss ned med ujamne mellomrom, enten på politisk nivå eller embedsnivå, og snakkar om aktuelle regionale utviklingstrekk og bilaterale spørsmål.

Likskapstrekk mellom Qatar og Noreg

Folkerettsekspert Cecilia Hellestveit ser den qatarske framstøyten som del av landets forsøk på å få fleire bein å stå på. Qatar er blant verdas største gassprodusentar.

– Gulfstatane er utruleg avhengige av petroleumsinntekter. No prøver dei å gjera seg om til industrialiserte land. Då treng dei andre berekraftige industriar enn olje og gass.

Ho peiker på likskapstrekk mellom Qatar og Noreg.

– Det er mange ting ved Qatar som liknar på Noreg. Qatar har kopiert vår modell med Oljefondet og laga eit liknande gassfond.

Ho seier at klima- og miljøomsyn talar for at Noreg legg til rette for samarbeid med Qatar.

– Eg tenker at om Noreg kan hjelpa til med ein omlegging til ein grøn og berekraftig økonomi, skal ein bidra med det.


Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter