Nyheter

Dette tener bistandstoppane

SKATTELISTER: Det er over 105 millioner kroner mellom topp og botn på Vårt Lands liste over inntekta til bistandstoppane.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Onsdag morgon offentleggjorde Skatteetaten likningstala for 2021. Vårt Land har laga ei oversikt over kva bistandstoppane i Noreg tener. Det er stor variasjon på lista.

På botnen ligg Lindis Hurum, dagleg leiar i Leger uten Grenser. Ho hadde ei inntekt på 397.713 kroner og null i formue.

På topp er Norfund-sjef Jan Tellef Thorleifsson. Han hadde over 105,5 millionar kroner i inntekt og ei formue på over 189,4 millionar kroner.

Norfund er statens investeringsfond for næringsverksemd i utviklingsland.

Fekk pengar frå nedsal

I Norfunds årsrapport for 2021 kjem det fram at Thorleifsson har 2.974.593 kroner i brutto lønn og andre godtgjeringar for stillinga som CEO.

– Før eg kom inn i Norfund jobba eg med å bygga opp ei bedrift som heiter Northzone. Me var med å bygga opp fleire teknologiselskap, og fleire av dei vart verdifulle. I fjor vart det gjort nedsal i fleire av desse selskapa, og då har eg fått ut min del av det, seier Thorleifsson til Vårt Land.

Thorleifsson eig aksjar i fleire norske selskap gjennom sitt holdingselskap, der han ikkje har teke ut utbyte i 2021. Det viser informasjon frå proff.no. Northzone er eit utanlandsk selskap.

---

Flere saker fra skattelistene

---

Frelsesarmeen-leiar på botn blant kristne

Vårt Land har sjekka inntekt og formue til toppane i dei største norske hjelpeorganisasjonane i tillegg til kristne hjelpeorganisasjonar og statlege Norfund og Norad.

Nedst på Vårt Lands liste over leiarar i dei kristne organisasjonane er Knud David Welander, dagleg leiar i Frelsesarmeen, med ei inntekt på 484.141 kroner.

Dag Bærland Jacobsen i Maritastiftelsen tente 593.793 kroner medan Erik Lunde i Strømmestiftelsen kunne notera seg ei inntekt på 711.028 kroner.

På inntektstoppen blant dei kristne organisasjonane er Dagfinn Høybråten i Kirkens Nødhjelp, med ei inntekt på 1.260.328 kroner og Ingunn Brita Moser i Det norske Diakonhjem med ei inntekt på 1.423.520 kroner.

Norfund-sjef Jan Tellef Thorleifsson toppar lista på både formue og inntekt. På andre plass på formue-lista er Martha Cristina Rubiano Skretteberg i Caritas Norge, med ei formue på 11.347.572 kroner. Ho tente i fjor 1.008.270 kroner.

På inntektstoppen samla sett finn ein Jan Egeland i Flyktninghjelpen med ei inntekt på 1.614.505 kroner og Norad-sjef Bård Vegar Solhjell med ei inntekt på 1.847.482 kroner.

---

Derfor publiserer vi disse tallene

Skatt har aldri vært en privatsak i Norge. Så lenge vi har betalt skatt, har skattelistene vært offentlige tilgjengelig.


Åpenhet om skatt og inntektsforhold styrker tilliten til skattesystemet, og denne informasjonen er et helt avgjørende premiss i samfunnsdebatten.


Opplysninger om hva kristne ledere tjener og betaler i skatt er viktig og relevant informasjon i debatten om de økonomiske rammene for trossamfunn, livssynsorganisasjoner og frivillige organisasjoner i Norge.


Bjørn Kristoffer Bore, sjefredaktør og administrerende direktør.

(Inntekt: 1 443 850, skatt: 603 769, formue: 1 467 622)

---

---

Dette viser tallene

  • Inntekt: Viser summen av de skattepliktige inntektene til personen, minus fradrag. Dette kan være minstefradrag, renteutgifter, tap på aksjer og andre fradragsberettigede utgifter. Dette er ikke det samme som lønn.
  • Formue: Viser den skattemessige verdien av personens eiendeler, minus gjeld. Skattemessig verdi av boligen personen eier og bor i, blir satt til 25 prosent av markedsverdi.
  • Skatt: Viser hvor mye personen betalte i skatt i 2021.

---

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Tori Aarseth

Tori Aarseth

Tori Aarseth er tilknyttet Vårt Lands nyhetsredaksjon.

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter