Nyheter

Staten betalar staten for skogvern

TALFLYTTING: På ti år har staten betalt statseigde Statskog nesten ein halv millard kroner for å verna skog. WWF kallar det «eit rundspel med pengar». No opnar staten for å endra praksis.

For å verna skogen mot tømmerdrift, pungar staten ut for skogvern. Men det er ikkje berre private grunneigarar som får betalt for å verna skogen. Pengane tikkar også inn på konto til det statseigde føretaket Statsskog.

Naturvernorganisasjonen Villmarksfondet (WWF) har samla inn tal som viser at frå 2012 til 2021 har Statskog fått rundt 480 millionar kroner frå staten for skogvern. Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Noreg, er kritisk til praksisen.

– Når statseigd skog blir verna, bør det vera gratis, seier ho.

Når statseigd skog blir verna, bør det vera gratis

—  Karoline Andaur, Villmarksfondet (WWF)

Slik er runddansen

Vårt Land har fått tala frå WWF stadfesta av Miljødirektoratet, som har ansvar for skogvern.

Desse 480 millionar kronene har gått frå Klima- og miljødepartementet til Statsskog. Statskog er igjen heileigd av Landbruks- og matdepartementet.

Som statsføretak liknar Statsskog i stor grad på eit aksjeselskap, der overskot kan betalast ut i utbyte til eigarane.

Vårt Land har gått gjennom årsrapportane til Statskog, og funne at føretaket har sett av 513 millionar kroner i utbyte frå 2012 til 2021.

e

– Dette er eit rundspel med pengar. Pengane til skogvern går frå eit departement og rett tilbake i statskassa, seier Karoline Andaur, generalsekretær i WWF Noreg.

Har venta i over tre år

Rundt halvparten av det Statskog har fått for skogvern – 270 millionar kroner – kjem frå budsjettposten til frivillig skogvern. Det viser ei oversikt Vårt Land har fått frå Miljødirektoratet. Denne potten går også til private grunneigarar som ønsker å verna skogen.

Gunnar Graver er ein av dei. I haust møtte Vårt Land den pensjonerte skogbrukaren og snikkaren i Hovin i Telemark. For over tre år sidan tilbydde han staten ein del av skogen han eig til frivillig vern. Han har fått ja.

No har han venta i over åtte månader på at staten skal senda han ein kontrakt på det dei er blitt einige om.

– Eg ventar framleis på brev i posten, seier Gunnar Graver når Vårt Land no ringer.

Gunnar Graver. Skogvern. Hovin.

Han er ikkje åleine.

I vår fekk Miljødirektoratet beskjed om å bremsa arbeidet med skogvernet. Klima- og miljødepartementet viste til at det er «betydeleg kø» av vernesaker.

I haust kom ein ny stopp: I forslaget til statsbudsjett for 2023 blir støtta til frivillig skogvern over halvert, frå 430 millionar til 200 millionar kroner for neste år. WWF meiner støtta til skogvern bør mangedoblast budsjettet og at pengane bør gå til grunneigarar som Gunnar Graver, og ikkje Statsskog.

– Pengane må heller prioriterast til dei private grunneigarane. Det står skogeigarar i kø for frivillig vern og det er avgrensa middel. Då må dei private prioriterast, seier Andaur i WWF Noreg.

Staten ser til Sverige

Som statsføretak har Statsskog status som eit «sjølvstendig rettssubjekt». Det betyr at staten er juridisk forplikta til å likebehandla Statsskog med andre grunneigarar som skal ha erstatning for skogvern.

Det forklarer statssekretær i Klima- og miljødepartementet Aleksander Øren Heen (Sp) i ein e-post til Vårt Land. Departementet opnar likevel for å stoppa praksisen med å betala Statsskog for vern av skog.

– Me ser at til dømes Sverige har gått vekk frå ei slik ordning, og det er noko me vurderer å endra, skriv Sveen.

Han viser til ein avtale frå 2008 mellom svenske styresmakter og «svenske Statsskog» – Sveaskog. Her vart 705 kvadratkilometer produktiv skog gjeve til vern, utan krav om økonomisk erstatning.

Den norske regjeringa vurderer no å følgja etter. Statssekretær Heen skriv at dette arbeidet involverer fleire departementet. Han legg ikkje skjul på at staten ser problem ved dagens praksis.

– Erstatningar til Statskog gjev tilsvarande mindre rom til frivillig vern av privateigd skog. Me ønsker helst at disse pengane skal gå til frivillig vern av privateigd skog, skriv Aleksander Øren Heen.

Me ønsker helst at disse pengane skal gå til frivillig vern av privateigd skog

—  Aleksander Øren Heen, statssekretær Klima- og miljødepartementet

Fem prosent av skogen er verna

Skogen gjev oss tømmer, men også karbonlagring og ei rekke sjeldne artar. Halvparten av alle dei raudlista artane i Noreg finst i skogen. Derfor vil Stortinget at 10 prosent av skogen skal vernast. Førebels er me berre halvvegs.

I november i fjor sa klima- og miljøminister Espen Barth Eide (Ap) at det vil ta 50 år å nå det vedtekne målet om 10 prosent vern.

---

Frivillig vern av skog

  • I 2000 lanserte Norges Skogeierforbund ideen om frivillig vern av skog for å senka konfliktnivået mellom skogeigarar og vernemyndigheiter.
  • Ved tradisjonelt vern er det styresmaktene som tek initiativ. Ved frivillig vern kjem initiativet frå skogeigarane sjølve.
  • Når ein skog er verna, kan grunneigar ikkje driva skogbruk i området. Jakt, beite, fiske, sopp- og bærplukking er framleis tillate.

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter