Skip med korn forlèt Ukraina trass russisk åtvaring

Russland har trekt seg frå kornavtalen med Ukraina, Tyrkia og FN, noko som har skapt bekymring. Russland åtvarar mot å halde fram avtalen utan russisk deltaking.

Dmitrij Peskov, talsmann for president Vladimir Putin, er en av dem som nå er satt på EUs oppdaterte sanksjonsliste. Foto: Pontus Höök / NTB
Det vil bli risikabelt å halde fram kornavtalen utan Russland, åtvarar Putin-talsmann Dmitrij Peskov. Arkivfoto: Pontus Höök / NTB
Publisert Sist oppdatert

– Ein slik avtale er neppe gjennomførbar i dei rådande omstenda, seier president Vladimir Putins talsmann Dmitrij Peskov

Han seier at det vil vere umogleg for Russland å garantere tryggleiken for skipsfarten i havområda.

– Avtalen vil få ein heilt annan karakter, endå meir risikabel og farleg, seier Peskov.

Russland kunngjorde laurdag at dei trekkjer seg frå avtalen, som skal sikre eksport av korn frå det krigsherja Ukraina. FN har uttrykt djup bekymring for avgjerda, og eit intenst diplomati vart i helga sett i sving for å få Russland til å snu.

Kornavtalen er avgjerande for å dempe den globale matkrisa som er forverra av invasjonen av Ukraina.

Droneangrep

Russiske styresmakter kunngjorde avgjerda få timar etter det dei hevda var eit terrorangrep mot Svartehavsflåten i Sevastopol på den annekterte Krim-halvøya laurdag.

Russland hevdar båtar som brukte sjøkorridoren som er oppretta for korneksport, frakta dronar frå Odesa-området til bruk i angrepet. Bevis for dette er førebels ikkje lagt fram, og Ukraina hevdar Russland sjølv står bak øydeleggingane i Sevastopol.

Det russiske forsvarsdepartementet hevda også at spesialistar frå Storbritannia leidde planlegginga av droneangrepet, noko som vart blankt avvist av britiske styresmakter.

Fleire skip seglar vidare

Sjølv om Russland har trekt seg frå avtalen, har fleire lasteskip forlate ukrainske hamner måndag.

Dette inkluderer skip lasta med korn, soyabønner og erter, ifølgje FN. Eit av skipa seglar på vegner av FNs matvareprogram (WFP), ifølgje ukrainske styresmakter. Dette skipet, som skal vere lasta med 40.000 tonn korn, er på veg til Etiopia.

Tyrkias president Recep Tayyip Erdogan uttalte måndag at Tyrkia vil halde fram med å støtte korneksporten frå Ukraina.

16 skip skal måndag etter planen segle gjennom korridoren som er oppretta for å transportere korn ut av Ukraina. Ukraina er ein av dei største korneksportørane i verda.

(©NPK)