Nyheter

Løkke til, Danmark

VAL I DANMARK: 17 millionar mink, ein straffedømt statsråd, 35 avhopparar, rekordmange parti – og ein kongemakar. Det er klart for val på dansk.

Tysdag står slaget: Får Danmark ein blå eller ein raud statsminister? Eller: Tek jokeren siste stikk? Heng regjeringsmakta på éin folkevalt frå øyane i vest?

Meiningsmålingane fortel at det blir ei nervepirrande oppteljing tysdag og natt til onsdag. Både raud og blå blokk vakar rundt 50 prosent.

Etter 2019-valet skipa Mette Frederiksen og partiet Socialdemokratiet ei eittpartiregjering. Ho hadde 48 representantar i Folketinget, og takka vere avtalen med Radikale Venstre, Socialistisk Folkeparti og Enhedslisten samla ho 91 mandat – utan å krysse over blokkgrensene.

No viser målingane to ting: Svært jamt mellom blokkene, og ein eksstatsminister på stigande kurs. Han har framleis ikkje meldt kva blokk han vil støtte.

Med heile 14 parti å velje mellom – sjå liste i botnen av saka – kan det bli eit kaotisk val. Vegen til 90 folketingsmandat kan bli svært lang for statsministerkandidatane.

JKER

Snubla i døde mink

Fordi Frederiksen var altfor rask på labben då danske minkbønder fekk beskjed om å drepe kvart eit pelskledd dyr under pandemien, måtte ho 5. oktober skrive ut nyval. For Minkkommisjonen konkluderte med at hasteavlivinga av 17 millionar mink var ulovleg.

Støttepartiet Radikale Venstre gav Frederiksen ultimatumet: Skriv ut nyval i haust, eller bli felt på mistillit i Folketinget. Framferda har kosta Radikale Venstre dyrt. På målingane er partiet halvert.

I Danmark kan statsministeren skrive ut folketingsval når som helst i løpet av ein fireårsperiode, men det må vere minst 20 eller 21 dagar mellom utskriving og sjølve valet.

Samarbeid kontant avvist

Sosialdemokratane har styrt Danmark i ei mindretalsregjering sidan valet i 2019, med støtte frå Radikale Venstre, Enhedslisten og Socialistisk Folkeparti.

Pandemihandteringa sende Mette Frederiksen til topps på målingane. No er tala langt dårlegare. Difor rekte ho ut ei hand over partiblokkene då ho kunngjorde valet.

«Tida har komme for å finne ei ny form for regjeringssamarbeid i Danmark, ei meir breitt sammensett regjering med parti frå begge sider av det politiske sentrum.»

Invitasjonen til samlingsregjering blei straks avvist av dei to som har meldt seg som kandidatar til å overta statsministerposten, Venstre-leiar Jakob Ellemann-Jensen og Dei konservatives leiar Søren Pape Poulsen.

plakat

Sankar veljarar med nye parti

I Folketinget er det 179 seter. I år stiller tre nye parti til val:

Frie Grønne er eit venstreorientert miljøparti, mens Moderaterne er eit sentrumsorientert, borgarleg parti og Danmarksdemokraterne er eit tydeleg innvandringsregulerande, borgarleg parti.

Dei to siste partia er leia av to veteranar i dansk politikk, Lars Løkke Rasmussen og Inger Støjberg.

Løkke Rasmussen har vore statsminister og leiar i Venstre. Inger Støjberg var statsråd og nestleiar i Venstre. Medan han melde seg frivillig ut og skipa Moderaterne, blei ho først dømt i ei riksrettssak, så kasta ut av Folketinget, for så å bli partigründer med Danmarksdemokraterne.

Båe flyg høgt på målingane, og blir å rekne med når makt skal fordelast.

Rekordmange avhopparar

Danskane kan røyste på person ved folketingsval, ikkje berre parti. Dei kandidatane som samlar flest personrøyster, blir kalla «røysteslukarar».

I åra sidan valet i 2019 er det blitt sett ein uvanleg rekord i Danmark: 31 av dei som blei valt inn i Folketinget, representerer ikkje lenger det partiet veljarane røysta på for vel tre år sidan. 22 har meldt overgang til nytt parti, åtte har gått ut av Folketinget – og ein er kasta ut: Inger Støjberg.

Ho blei dømt til fengsel i 60 dagar for som statsråd å ha gjeve ordre om at alle asylsøkjande par der den eine var mindreårig, skulle bli skilt når dei kom til Danmark. Problemet var at ordren var ulovleg. Støjberg sona med fotlenke.

Så lanserte ho Danmarksdemokraterne, som har rappa både folkevalde og veljarar frå det andre partiet ute på høgre, innvandringsåtvarande falang, Dansk Folkeparti.

Tunge på vektskåla

Fire seter i Folketinget er reservert øyfolket i vest. To kjem frå Færøyane og to frå Grønland.

Ved valet i 1998 avgjorde eitt mandat på Færøyane kven som blei statsminister i Danmark, sosialdemokratiske Poul Nyrup Rasmussen blei sitjande. Venstres Uffe Ellemann-Jensen blei aldri regjeringssjef.

No kan grønlandske Inuit Ataqatigiit (IA) bli tunga på vektskåla. Det tradisjonelt raude partiet kan komme til å skifte side. Aaja Chemnitz frå IA, som sit i Folketinget, melder at Mette Frederiksen har handsama Grønland «respektlaust».

Frå Færøyane lyder også ei åtvaring: Dei konservatives Søren Pape Poulsen er homofil og kan difor ikkje vere statsminister i Danmark, seier leiaren for det kristne partiet Miðflokkurin, Jenis av Rana.

kd

Abort skuggar for folketingsseter

Kristendemokraterne (KD) blei skipa i 1970 – som Kristeligt Folkeparti. Partiet blei til som ein protest mot liberaliseringa av abortlovverket og fri porno.

I 50 år har abortsaka i stor grad definert partiet, og sidan 2005: stemt ut av Folketinget.

På talen til landsmøtet i oktober refsa partileiar Marianne Karlsmose media for å bruke altfor mykje tid på KDs abortstandpunkt, og andre – les: borgarlege parti – for å tie KD i hel.

KDs leiar vedgår at i partiprogrammet står det at partiet prinsipielt er mot abort, at det er eit «overgrep» og at punktet må reviderast. Men, KD står i dag på dagens abortlov, som eit vern mot utviding.

Problemet til KD er at få danske veljarar røystar på partiet. Sjølv om sperregrensa er på låge to prosent, ligg KD og vakar godt under prosenten på målingane.

Kongemakar. Eller statsminister

Dei siste målingane viser at vel ein av fire veljarar vil ha Lars Løkke Rasmussen som ny statsminister. Dermed filleristar han både Venstres Ellemann-Jensen og Dei konservatives Pape Poulsen.

Rett nok vil 46 prosent framleis ha statsminister Frederiksen.

Løkke Rasmussens sentrumsparti Moderaterna er korkje blått eller raudt. Partileiaren held korta tett til brystet og vil ikkje ut med kven han kjem til å støtte som statsminister.

Difor er han peika ut til å bli såkalla kongemakar etter valet.

Men støtta av gode prosentar valdagen, kan Lars Løkke Rasmussen manøvrere seg heilt i front. Utfallet av maktkampen på Christiansborg, eller «Borgen» om du vil, kan bli at Danmarks neste statsminister heiter, ja, akkurat, Lars Løkke Rasmussen.

---

Folketingsvalet

Sidan 1943 har danskane brukt partibokstavar for å skilje mellom partia. I haust stiller 14 parti til val. Valdagen og valnatta kjem danske medium til berre å bruke ordninga med partibokstavane:

  • A = Socialdemokratiet (Arbeidarpartiets søsterparti).
  • B = Radikale Venstre (Venstres søsterparti, omtalt som «De Radikale»).
  • C = Det Konservative Folkeparti (Høgres søsterparti, omtalt som «De Konservative»).
  • D = Nye Borgerlige (nasjonalistisk, konservativt parti).
  • F = Socialistisk Folkeparti (SVs søsterparti, omtalt som SF).
  • I = Liberal Alliance (sterkt marknadsliberalistisk parti).
  • K = Kristendemokraterne (KrFs søsterparti, har vore ute av Folketinget sidan 2005).
  • M = Moderaterne (sentrumsorientert, borgarleg parti)
  • O = Dansk Folkeparti (høgrepopulistisk parti).
  • Q = Frie Grønne (venstreorientert miljøparti).
  • V = Venstre (liberalt, borgarleg parti).
  • Æ = Danmarksdemokraterne (borgarleg parti).
  • Ø = Enhedslisten (ligg nærast Raudt og SV i Norge).
  • Å = Alternativet (miljøparti).

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter