Nyheter

Jublar for mat-støtte, men behovet er stort

STØTTE: SV sikrar 2 millionar ekstra til matutdeling til fattige. – Dette gjer at me kanskje vil klara å dela ut ein million ekstra måltid, opplyser Matsentralen.

Måndag vart det klart at SV er blitt einige om å auka støtta til Matsentralen med 2 millionar kroner for 2022. Det skjer etter at organisasjonen først fekk eit kutt i statsbudsjettet for neste år.

– Dette gjer at me kanskje vil klara å dela ut ein million ekstra måltid. Me er først og fremst takksame for meir støtte. Det gjer at vår situasjon blir lettare.

No har me gått tom for mat. Denne veka må me for første gong kjøpa inn mat sjølve.

—  Irene Mathisen, Oslo Slumstasjonen

Det seier Per Christian Rålm, dagleg leiar i Matsentralen, til Vårt Land.

Matsentralane samlar inn overskotsmat frå grossistar og daglegvareleverandørar, og deler maten vidare ut til 500 frivillige organisasjonar.

– Matsentralen er navet i gratis mathjelp til vanskelegstilte. Så denne støtta vil bety mykje for mange, seier Rålm.

Slumstasjonen bestilte mat for 70.000 kroner

– Oj!

Det er første reaksjon frå Irene Mathisen, leiar for Frelsesarmeen slumstasjon i Oslo, når Vårt Land ringer.

Slumstasjonen er ein av aktørane som får mat frå Matsentralen.

---

Matsentralen

  • Matsentralen er en matbank (engelsk: «food bank») som tilhører det nasjonale nettverket av norske matbanker kjent som Matsentralen Norge.
  • Formålet er redusere matsvinn og å bekjempe sult blant vanskeligstilte.
  • Matsentralen tar imot overskuddsmat fra matbransjen og sørge for at den videreformidles gratis på en trygg måte til veldedige organisasjoner som hjelper vanskeligstilte.
  • I 2018 vant Matsentralen Norge Storebrands Årets håndtykk miljøpris og Debios Matprisen.

Kilde: Wikipedia.no

---

d

– Det er jo heilt fantastisk at Matsentralen får 2 millionar ekstra. Dette betyr at me får meir mat ut til dei som treng det, seier ho.

Samstundes merkar Slumstasjonen no ekstrem pågang. Auka prisar gjer at fleire folk søker hjelp, ikkje minst er det pensjonistar og åleineforsørgarar som er sårbare.

Auka pågang

Irene Mathisen har leia Slumstasjonen i over 5 år. I løpet av den tida, har stasjonen alltid fått maten dei treng ifrå Matsentralen.

No er pågangen til Slumstasjonen auka kraftig.

– No har me gått tom for mat. Denne veka må me for første gong kjøpa inn mat sjølve. Me har bestilt varer for 70.000 kroner. Det går mykje i middagsmat.

Summen reknar ho med vil auka i tida framover.

– Det vil nok gå mange hundre tusen i veka framover. I tida før jul pleier pågangen å auka.

Ho seier at utover 500.000 kroner som Slumstasjonen får frå Oslo kommune i driftsstøtte, så er resten av inntektene basert på gåver.

Sp innrømmer budsjett-tabbe

Senterpartiet innrømmer ifølgje NTB at budsjettkuttet til Matsentralen var ein tabbe.

− Statsbudsjettet for 2023 blir stramt, og me må gjera mange kutt – men dette budsjettkuttet blei feil. Me vil forsterka matsentralane. Derfor aukar me no støtta til sentralane med 2 millionar kroner i 2022, seier Geir Pollestad, finanspolitisk talsperson i Senterpartiet.

Me vil forsterka matsentralane

—  Geir Pollestad, Sp

I forslaget til statsbudsjett for 2023 fekk Matsentralen Noreg eit kutt på 619.000 kroner av 7,8 millionar kroner.

No får Matsentralen 2 millionar kroner ekstra allereie i år. Ekstra-støtta er del av semja mellom regjeringa og SV om straumstøtteordninga til næringslivet. Avtalen sikrer ekstra pengar til ei rekke andre krisetiltak.

– Me har opplevd det kuttet som kom, var ein feil. Me er glade Sp anerkjenner dette, seier Per Christian Rålm dagleg leiar i Matsentralen, til Vårt Land.

---

Strømstøtte til næringslivet

  • Regjeringspartiene presenterte strømstøtteordning sammen med LO og NHO i september. Forhandlingene mellom Ap og Sp har fått gjennomslag dette:


  • For 2022:
  • 1.500 kroner ekstra til studenter, som utgjør 210 millioner kroner.
  • Økt utbetaling til bostøtte for oktober og november (utbetaling i november og desember): 194 millioner kroner (97 millioner per måned).
  • Støtte til distriktsbutikker (Merkur-programmet): 23 millioner kroner.
  • Matsentralen: 2 millioner kroner


  • For 2023:
  • Øke inntektsgrense for bostøtte fram til juni 2023 (videreføre den midlertidige utvidelsen): 220 millioner kroner.
  • 1.500 kroner ekstra i bostøtte fra januar til april (utover regjeringens forslag): 604 millioner kroner.
  • Totalt utgjør disse punktene 1,25 milliarder kroner.

Kilde: SV

---

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter