Nyheter

Finansminister Vedum ser ikkje bort frå auka oljepengebruk til våren

STATSBUDSJETTET: Viss prisane til våren aukar mindre meir enn venta, kan regjeringa bruke meir oljepengar i revidert nasjonalbudsjett.

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum Vedum (Sp) seier at uvissa i budsjettet for i år er uvanleg stor. Det kan bety auka oljepengebruk i revidert nasjonalbudsjett, melder Dagens Næringsliv.

Sidan regjeringa låste føresetnadene ho legg til grunn for budsjettet i starten av august, har det skjedd mykje. Både Statistisk sentralbyrå og Noregs Bank har komme med oppdaterte prognosar som målar eit dystrare bilete enn det regjeringa la fram torsdag.

Viss det blir ein for stor brems i norsk økonomi, seier fleire kjelder til DN at regjeringa kan svare med auka oljepengebruk i revidert nasjonalbudsjett. DN er ikkje kjent med at regjeringa har konkrete planar for dette no, men skriv at det kan skje viss forholda krev det.

– I budsjettmaterialet så seier vi at det er meir uvisse enn vanleg. Då sjølvsagt, viss vi har behov for nye grep, så gjer vi det då, seier Vedum og viser til revidert nasjonalbudsjett som kjem i mai.

Regjeringa ventar at prisveksten neste år vil vere på 2,8 prosent, mot SSBs anslag på 3,5 prosent og Noregs Banks anslag på 4,5 prosent.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter