Nyheter

Rekordstor kornhaust, men noko av matkornet blir til dyrefôr

KVEITEPRODUKSJONEN: Kornhausten i Norge er rekordgod, men landet manglar lager for beredskapskorn. Difor blir matkveite dyrefor.

Først eit sveip ut i verda: I 2016 var 80 millionar menneske i verda truga av svolt og matmangel.

Klimaproblem pressa så talet opp til 135 millionar medan koronapandemien nesten dobla det – til 276 millionar menneske i løpet av to år.

Så invaderte Russland Ukraina i februar, noko som skapte ei global mat-, gjødsel- og energikrise, som pressa talet opp til 345 millionar, fortel Verdas matvareprogram (WFP).

Matkorn blir dyrefôr

Så vender me tilbake til Norge.

Kornhausten er gyllen, fortel kornkjøparane. Det skuldast to ting. God vekstsesong og ei forsterka statleg støtteordning som fekk bøndene til satse på matkorn i vår.

Felleskjøpet Agri melder i ein kornprognose at bøndene har produsert så mykje matkveite, at kveite som kunne vore brukt til brødbaking endar som dyrefôr:

«Basert på ein norskandel i kveitemjøl på 80 % indikerer prognosen at det for sesongen samla kan vere aktuelt å omdisponere om lag 31.000 tonn haustkveite til fôr og overlagre om lag 40.000 tonn vårkveite til neste sesong.»

Andre år kan det vere 60-65 prosent norsk korn i mjølet du kjøper i butikken. Resten blir importert.

Kunne blitt 62 millionar brød

Omdisponeringa av 31.000 tonn haustkveite til fôr vekkjer oppsikt på Stortinget.

«Det tilsvarer omtrent 62 millionar brød», skriv MDGs Rasmus Hansson i eit skriftleg spørsmål til landbruksministeren.

Han peikar på den vonde spiralen som no driv opp prisen på mat: Fordi prisen på energi og gjødsel stig, stig også matprisane. Samstundes legg tørke på tre kontinent, som skuldast klimaendringar, sterkt press på matproduksjonen.

«Konsekvensen kan bli en global og langvarig matvarekrise med påfølgende hungersnød og lidelse. Derfor er det ekstra uheldig at hvete av matkvalitet blir brukt til dyrefôr i stedet for til menneskemat», refsar Hansson.

Leiar i Norges Bondelag Bjørn Gimming seier det er høge forventningar til årets jordbruksoppgjer. Foto: Heiko Junge / NTB / NPK

Årets avling er ein «suksesshistorie»

Bjørn Gimming ser det ikkje slik. Leiaren i Norges Bondelag, som sjølv driv med korn, seier til Vårt Land at årets kveiteavling er ein suksesshistorie.

– For i år er mengda norsk kveite i matmjølet svært høg, kring 80 prosent.

– Likevel blir matkorn dyrefôr, kunne Norge eksportert overskotet av matkorn for å avhjelpe matmangelen mange stadar i verda?

– Omdisponeringa av matkorn til fôr betyr berre at me slepp å importere større mengder korn til fôr, noko som i neste runde betyr at det er meir korn på verdsmarknaden som kan bli fordelt til dei som treng mat.

Men Gimming hadde gjerne sett at landets bakarar hadde brukt endå meir norsk mjøl i bakevarene dei eltar fram.

Omdisponeringa av matkorn til fôr betyr berre at me slepp å importere større mengder korn til fôr

—  Bjørn Gimming, leiar i Bondelaget

Har kjøpt frå Russland

Norge er ikkje sjølvforsynt med matkorn, år for år kan det svinge frå at me produserer ein tredel, eller tre firedelar av konsumet. 2022 er difor eit svært godt kornår.

– Me endar på kring 1,35 millionar tonn, opplyser bondeleiar Gimming.

I år med låg norsk kornproduksjon er me sårbare – om det manglar korn på verdsmarknaden. Norge har i åra fram til Ukraina-krigen importert kveite frå Sverige, Tyskland, Polen, Danmark – og Russland.

Siste lager lagt ned i 2003

Medan EU-landa fyller opp kornsiloane årleg, har ikkje Norge korn i beredskap. Me har avvikla alle beredskapslager for matkorn. Frå 1995 blei lagra reduserte, og i 2003 blei dei siste lagt ned.

Tanken om å ha korn i beredskap gav Norge kornloven av 1928. Siloane blei fylt opp. I 1969 hadde Norge 280.000 tonn matkorn på lager og 500.000 tonn kraftfôr.

I dag er dei einaste reservane kornet som ligg på lager hjå møllene og kornhandlarane.

---

Matkorn

  • Rett etter innhausting ligg den samla avlinga i snitt på kring 1,2 millionar tonn.
  • Rett før innhausting året etter år er lagra tomme.

---

Regjeringa lovar beredskapslager

I Hurdalsplattformen slår Arbeidarpartiet og Senterpartiet det tydeleg fast kva regjeringa vil: «Etablere beredskapslagring for korn.»

I vår tinga landbruksminister Sandra Borch (Sp) ein rapport om beredskapslagring frå Landbruksdirektoratet. I juni kom analysen. Konklusjonen er klar:

Det kan ta sju år å få på plass eit beredskapslager med 165.000 tonn matkorn, nok for eit halvt års forbruk.

Kornsilo kan bli bustader

Stavanger havnesilo er Nord-Europas største kornlager, og er i dag eit kommersielt lager for konsernet Felleskjøpet, som eig anlegget i strandkanten. Det kan lagre 190.000 tonn korn.

Men: Kornsiloen kan forsvinne.

Stavanger kommune har starta ein reguleringsprosess der det blir drøfta forslag om å rive heile eller delar av siloen for å få plass til bustadar og næringsareal.

«Usikkerheten rundt Stavanger havnesilo gjør at vi ikkje kan regne med denne lagerkapasiteten etter 2026», skriv Landbruksdirektoratet i junirapporten.

soli

Sju år å byggje lager

Direktoratet har kartlagt ledig kapasitet, og funne at per i dag kan Norge bereskapslagre matkorn for to månader, kring 55.000 tonn.

Å byggje nye lager for 110.000 tonn vil ta sju år.

– Treng Norge eit beredskapslager av matkorn for eit halvt års forbruk, Bjørn Gimming?

– Ja, det er klokt å ha eit slikt lager.

Bondeleiaren meiner at både pandemi og Ukraina-krig viser at mat i beredskap er både lurt og viktig.

– Men, legg han til, like viktig som lager er ein løpande produksjon av matkorn. Og årets haust viser kva me får til.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

VL anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter