Nyheter

Eit fleirtal i KrF Vestland vil ha Ida Lindtveit Røse som nestleiar

POLTITIKK: Eit knapt fleirtal i fylkesstyret i KrF Vestland foreslår Ida Lindtveit Røse som ny nestleiar i KrF.

— Me har spela inn Olaug Bollestad og Dag Inge Ulstein på topp, og gjev ei delt innstilling på nestleiar. Eit knapt fleirtal peikar på Ida Lindtveit Røse, medan eit knapt mindretal peiker på Jorunn Gleditsch Lossius.

Det seier Morten Helland, fylkesleiar i KrF Vestland til Vårt Land.

Det er knytt spenning til kven KrF vil velja til å etterfølga Ingelin Noresjø som andre nestleiar på landsmøtet til våren.

To kandidatar peiker seg ut no når valkomiteens arbeid for alvor begynner:

  • Ida Lindtveit Røse frå Viken, som har blitt spelt inn av KrFU, Vestland, Rogaland og Oslo.
  • Jorunn Gleditsch Lossius frå Agder, som har blitt spelt inn av heimfylket, Møre og Romsdal, samt Oslo.

Morten Helland, fylkesleiar i KrF Vestland, fortel at 5 i fylkesstyret stemte for Ida Lindtveit Røse og 4 stemte for Jorunn Gleditsch Lossius.

– Me er einige om at begge kandidatar kan ha plass i sentralstyret. For oss er det viktig at KrFs sentralstyre representerer ein bredde, både når det gjeld geografi, ideologi og yrkesbakgrunn.

Ulike standpunkt om abort

Røse og Lossius har tidlegare flagga ulikt standpunkt i abortdebatten. Røse sa i 2019 til Aftenposten at ho støttar sjølvbestemt abort innan veke 12.

Då KrFU gjekk inn for å freda dagens abortlov, skreiv Jorunn Gleditsch Lossius ein kronikk i Dagen der ho åtvara mot nettopp dette:

«Jeg frykter at dersom KrFU resignerer i dette spørsmålet, og gir sin aksept til dagens abortlov, så vil det ufødte livs stemme svekkes ytterligere.»

Vårt Land spør Morten Helland om abortstandpunkt var viktig då KrF Vestland diskuterte nestleiar. Han svarer:

– Abort er ikkje spesifikt nemnt. Dei som peiker på Ida Lindtveit Røse, understreka at det er viktig at KrF er representert frå fleire deler av landet. Mindretalet som peiker på at Jorunn Gleditsch Lossius, viser til at Agder er ein viktig region for KrF.

Val i april

Ny partileiing i KrF blir vald på landsmøte i Hamar 21. til 23. april neste år.

I tillegg har Trøndelag KrF spilt inn sitt avtroppande sentralstyremedlem, Karin Bjørkhaug, til posten. Alle tre stiller seg til rådigheit for partiet, meldte Vårt Land nyleg.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter