Nyheter

Kjersti Toppe vil redde jula - lover 30 millioner i straumstøtte til kyrkjer

HØGTID: Trusminister Kjersti Toppe (Sp) vil dryssa 40.000 kroner over kvart kyrkjesokn i Sør-Noreg. Gåvepakka skal hjelpe kyrkjene med straumrekninga, men må først få fleirtal i Stortinget.

Det er lenge til jul, men barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) kjem alt til Vårt Land med ei lita førjulsgåve til norske kyrkjer:

I dag foreslår regjeringa ei midlertidig støtteordning på 30 millionar kroner i straumstøtte til kyrkjer. Pengane skal gå til kyrkjebygg i Den norske kyrkja.

– Eg har lenge vore uroa for kyrkjene og straumprisen. Særleg no, for ting har blitt verre utover hausten. Det ville vore veldig uheldig om kyrkjene ikkje kunne halda opent i høgtida, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp) til Vårt Land.

Fellesråda kan søka pengar

Støtteordninga har som mål å vera enkel og ubyråkratisk, men den må først bli vedteken av Stortinget.

Ordninga Kjersti Toppe legg opp til, ser slik ut:

  • Pengane skal gå til kyrkjer sør for Dovre og Sognefjorden, då dette er område med høge straumprisar. Totalt er det 1.034 kyrkjer i desse områda.
  • Kyrkjelege fellesråd i dei aktuelle områda kan søka Barne- og familiedepartementet om støtte.
  • Dette er ei mellombels ordning der pengane skal utbetalast i løpet av 2022.
  • Kvart sokn kan få rett over 40.000 kroner med denne ordninga.

– Alle fellesråd som søker og er i rett område, skal få desse pengane. Veldig lite av pengane skal gå til administrasjon. Dette skal vera ei enkel og ubyråkratisk ordning, seier Toppe.

Har ikkje snakka med SV om støtte

Sjølv om ordninga er meint å hjelpa kyrkjer å halda ope i høgtida, vil den ikkje stilla krav om at kyrkjene faktisk held ope i desember.

Pengane vil bli fordelt ut ifrå talet på sokn i fellesrådet. Nivået for støtta per sokn vil vere lik for alle, og tek såleis ikkje omsyn til storleiken på kyrkjerommet eller nivå på straumutgifter.

Straumstøtta blir no lagt fram for Stortinget i ein tilleggsproposisjon frå Finansdepartement.

– Du sit i ei mindretalsregjering, Kjersti Toppe. Har du snakka med andre parti om dei vil støtta straumstøtta?

– Eg har ikkje snakka med andre parti. Sjølvsagt kan det vera ein risiko at Stortinget ikkje vil prioritera saka, men eg satsar på det går igjennom. Eg håpar at SV støtter oss i denne saka.

SV er regjeringas føretrekte budsjettpartnar.

«Jul i kyrkja betyr mykje for meg»

Kjersti Toppe har tidlegare avvist å gje straumstøtte til kyrkjer, og har bede kommunar ta ansvar for å hjelpa kyrkjer med høg straumrekning.

– Har kommunane ikkje teke dette ansvaret?

– Eg erkjenner at kommunar og sokn står i ein vanskeleg situasjon no med særs høge straumprisar. Kommunane må framleis stilla opp for å finansiera kyrkjene. Dette er berre ei ekstra overføring for 2022, seier Toppe.

Trussamfunn registrert i Frivillighetsregisteret, får alt straumstøtte. Tal frå Lotteri- og stiftelsestilsynet viser at 17 prosent av søknadane om straumstøtte i førre runde, kom frå trus- og livssynssamfunn. Neste søknadsrunde opnar 26. oktober.

Denne ordninga har ikkje vore for kyrkjebygg eigd av sokn i Den norske kykja.

No håpar Kjersti Toppe (Sp) på rask behandling i Stortinget og at pengane snart vil vera på veg til norske kyrkjer.

Jul i kyrkja betyr mykje for meg

—  Kjersti Toppe, barne- og familieminister

– Jul i kyrkja betyr mykje for meg. Det er noko med den tryggleiken, identiteten og stemninga som er eit høgdepunkt, seier Toppe.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter