Nyheter

Dronar frå Norge svevar over fronten: – Vårt mål er å hjelpe Ukraina til å vinne krigen

KRIGEN I UKRAINA: Veteranorganisasjon samlar inn hobbydroner og kjøper proffdronar og sender alt til Ukraina. Gåvene frå Norge blir brukt ved fronten aust i landet. Dronar er mellom Ukrainas viktigaste våpen.

– Me fekk nettopp ein video som viser korleis ein av dronane me har levert blei brukt i åtak på russiske styrkar. Han blei brukt til å leie artilleri.

Daniel Viksund var yrkessoldat. Hans siste utanlandsoperasjonar var i krigsherja Afghanistan. No er han sterkt engasjert i ein annan krig, som sivilist og veteran.

– Vårt mål er å hjelpe Ukraina til å vinne krigen, seier Viksund til Vårt Land.

– Kan dronane de leverer bli væpna?

– Kva den ukrainske hæren brukar dronane dei får frå oss, avgjer dei. Men, ja, dei kan bli utstyrte med granatar, men er primært dronar for overvaking. Dei mest avanserte har termiske kamera, og kan dekkje område på ti kilometer i radius.

Veteranar melde seg til teneste

Bak «vårt» og «oss» står kring 700 norske veteranar. Alle med røynsle frå internasjonale operasjonar, frå Libanon, Irak, Bosnia, Kosovo, Afghanistan

Viksund er styreleiar i Veteran Aid Ukraine. Det starta som eit privat veteraninitiativ i februar: Kva kan me gjere når Russland har invadert Ukraina?

Svaret blei innsamlingar. Av materiell som soldatar sårt treng – og pengar. Snart har krigen vart i sju månader – og veteraninitiativet er formalisert til ein hjelpeorganisasjon.

– Sidan starten i februar har me samla inn kring 350.000 kroner og militært og sivilt utstyr verdt over fire millionar kroner, opplyser Viksund.

---

Veteranhjelp

  • Veteran Aid Ukraine har formulert to hovudoppgåver:
  • Hjelpe Ukraina med å vinne krigen mot Russland.
  • Hjelpe til med dei psykiske skadane soldatane får som følgje av krigen.

---

Veteran Aid Ukraine

Fekk god pris frå leverandør

Øvst på handlelista til Daniel Viksund står dronar, for dei flygande, ubemanna farkostane er sterkt etterspurde i Ukraina. Totalt har veteranane frakta 20 dronar til Ukraina.

– Mange norske menn ville bli dronepilotar, men mange dronar har støva ned. No svevar dei over Ukraina, fortel Viksund.

Tre av dei 20 er avanserte observasjonsdronar, som Veteran Aid Ukraine har fått kjøpe til ein billeg penge av ein leverandør som også hadde «syn for saka».

Det er desse som no blir brukt til å leie artilleri.

Sidan starten i februar har me samla inn kring 350.000 kroner og militært og sivilt utstyr verdt over fire millionar kroner.

—  Daniel Viksund, styreleiar i Veteran Aid Ukraine

Krigen i Ukraina er blitt testområde for dronekrig

Sidan starten på krigen i Ukraina har dronar spela ei veldig viktig rolle, fortel seniorforskar Bruno Oliveira Martins ved fredsforskingsinstituttet Prio. Dei blir aktivt brukt av både Russland og Ukraina. Martins seier at dei ubemanna farkostane blir avgjerande i moderne konfliktar verda over:

«Dronar er blitt ein sentral del av måten moderne krig blir utkjempe på», skriv han på Prio.no

I siste utgåva av Luftforsvarets fagtidsskrift Luftled skriv Knut Roar Wiig, dagleg leiar i det norske selskapet Nordic Unmanned, at krigen i Ukraina er blitt dronekrigen:

«Ukraina er blitt et live test- og innovasjonsområde for både nye typer droner og for nye typer taktikker og strategier knyttet til hvordan droner kan brukes i en moderne fullskala krig mot en teknologisk avansert motstander. Denne innovasjon-, test- og læringsprosessen viser med all tydelighet hvor viktige og effektive droner vil være i fremtidige kriger».

Kjøpt i elektronikkbutikken

Dronane som svevar over Ukraina, og som er styrte av ukrainske pilotar på bakken, spenner vidt.

Landet har kjøpt og fått den tyrkiske Bayrektar, ei stridsdrone som kan bere laserstyrde rakettar. Ein Bayraktar-drone kostar kring 20 millionar kroner. I andre enden av rullebanen lettar små hobbydronar, som er hyllevare i elektronikkbutikkar.

Veteranorganisasjonen Aid Ukraine er ikkje åleine om å donere. Frå land verda over kjem det dronar flygande til Ukraina, og landet sjølv har bede om pengar til 200 militære rekognoseringsdroner.

Norge og Storbritannia har svart på bøna. Ukraina får norske mikrodroner av typen Black Hornet. I ei pakke verdt 90 millionar kroner blir det levert dronar, reservedelar og opplæring, opplyser Forsvarsdepartementet.

DRONE: Bayraktar-dronen som ble donert fra Litauen var dekorert med en hauk med vinger i Ukraina og Litauens farger.

IT-spesialistar blei eiga hæravdeling

Medan ukrainarane ventar på internasjonale leveransar byggjer dei eigne dronar. I løynde lokale sit grupper med teknologikunnige og skrur saman nye dronar.

– I juli leverte me ein 3D-skrivar i Ukraina. Han blir no brukt til å lage delar til dronar, fortel Viksund.

Ei av dei mest kjende dronegruppene har eige namn og heimeside, Aerorozvidka. Sidan den russiske invasjonen av Krym i 2014 har gruppa av IT-spesialistar designa eigne kampdroner. I dag er dei ein spesialavdeling i det ukrainske forsvaret.

Ein av deira suksessrike operasjonar var åtaka på den russiske styrken som rulla mot Kyiv i februar og mars. I ly av natta bomba Aerorozvidka kolonna så effektivt med hjelp av dronar at framrykkinga stoppa heilt opp, fortel The Guardian.

Rena, Norge/Norway 20220228. 
Soldater fra 2. bataljon under deres instrumenterte trening på Rena. Her med panservernvåpen av typen M72. 
Foto: Anette Ask / Forsvaret / NTB

4.000 rakettvåpen frå regjeringa

Store proffdronar som primært er laga til overvaking har også berekraft til å lette med våpen montert. Forsvarets forum viser fram korleis sivile dronar blir påmonterte norske rakettvåpen av typen M72.

Regjeringa har til no donerte 4.000 M72 til Ukrainas hær.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter