Opec+ vil kutte oljeproduksjonen

Landa i Opec+ har på eit møte måndag vedteke å kutte oljeproduksjonen med 100.000 fat per dag.

Illustrasjonsfoto av en oljepumpe ved Karnes City i USA: Eric Gay / AP / NTB
OLJE: Illustrasjonsfoto av ei oljepumpe ved Karnes City i USA.
Publisert Sist oppdatert

Det er første gong på eit år at dei oljeproduserande landa har varsla produksjonskutt. USA og andre vestlege land har prøvd å få landa til å auke produksjonen for å dempe oljeprisen.

Tidlegare måndag siterte nyheitsbyrået Reuters ikkje namngitte kjelder som meinte Opec+ ville halde oljeproduksjonen uendra.

I staden vart landa samde om å redusere produksjonskvotane for oktober. Russland er eit av landa som inngår i Opec+.

Noko av bakgrunnen for produksjonskuttet er at oljeprisen har falle i sommar, delvis som følgje av bekymring for mogleg økonomisk tilbakegang. I tillegg har økonomien i Kina vore prega av nye nedstengingar, og det er venta nye oljeprisfall dersom det blir semje om ein ny versjon av avtalen om Irans atomprogram.

Avgjerda til Opec+ førte ikkje omgåande til store rørsler i oljeprisen måndag. Tidlegare på dagen hadde prisen stige over 4 prosent, ifølgje E24.