Nyheter

239 eks-tilsette prøver å kome gjennom norsk nålauge

OPPHALD I NORGE: 239 afghanarar har søkt om å få kome til trygge Norge fordi dei arbeidde for Forsvaret og Utanriksdepartementet i krigsherja Afghanistan. Dei fryktar Talibans hemn.

– Me arbeider med å gå gjennom alle sakene, opplyser underdirektør Ann Kristin Salbuvik i Forsvarsdepartementet (FD) til Vårt Land.

I bunken på 226 er det nokre duplikatar, og saker som er behandla tidlegare, fortel FD.

Også i Utanriksdepartementet finles dei innkomne søknader:

«Etter at den nye instruksen trådte i kraft, er det 13 personer som kan dokumentere en form for tilknytning til ambassaden som har kontaktet UD», melder departementet til Vårt Land.

Til saman har dei to departementa fått 239 søknadar. Fristen for å melde seg blei sett til 1. september.

Dei som slepp gjennom nålauge i dei to departementa, blir sende vidare til Justisdepartementet, som så sender dei til sluttbehandling i Utlendingsdirektoratet (UDI).

Tre departement laga ordning

Søknadane kjem fordi regjeringa i juni sende ut ein instruks om korleis eks-tilsette afghanarar med behov for vern i Norge skal møtast.

Instruksen gjekk frå Justisdepartementet (JD) og til Utlendingsdirektoratet (UDI), og presenterer søknadsordninga tre departement har arbeidd med sidan august i fjor.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp), utanriksminister Anniken Huitfeldt (Ap) og justisminister Emilie Mehl (Sp) gjev strenge rammer for kven som kan få søke.

Målgruppa var «tidligere lokalt ansatt personell hos Forsvaret eller den norske ambassaden i Kabul». Dei som får positive svar frå UDI, får komme til Norge som overføringsflyktningar, eller kvoteflyktningar – og dei får ta med éi kone og barn.

port

Tok dei med i flyet

Bakgrunnen for ordninga er Nato og Norges utmarsj frå Afghanistan.

Våren 2021 var Taliban på frammarsj. USAs president Joe Biden kunngjorde at han ville trekkje heim store amerikanske styrkar. Forsvarsalliansen Nato ville avslutte den 20 år lange kampen mot Taliban.

Norge følgde opp. Dei siste kampsoldatane flaug heim i juni. Med på flyttelasset var også afghanarar som hadde arbeid som tolkar og reinhaldarar for dei norske soldatane – og familiane til afghanarane.

Solberg-regjeringa sikra dei eit trygt liv i Norge.

Redde for Talibans hemn

Så kom utfordringa frå afghanarar som særleg hadde arbeidd for Forsvaret i tidlegare år: Kva med oss, me har også arbeidd for Norge i kortare eller lengre tid? Me får også Taliban på døra.

Eller som ein av Forsvarets eks-tilsette afghanarar sa til Vårt Land i sommar:

– No er eg arbeidslaus og må gøyme meg.

Strenge krav til identifikasjon

Før UDI sluttbehandlar søknadane, blir dei som er sendt FD og UD nøye silte:

«Ordningen er slik at fristen gjelder det å sende en henvendelse. Deretter vil aktuelle personer få tilsendt egenerklæringsskjemaet for utfylling», forklarar kommunikasjonsavdelinga i Justisdepartementet (JD) i ein epost til Vårt Land.

Instruksen frå JD listar opp ei rekkje formalkrav som må afghanarane må innfri:

  • Vere afghansk borger.
  • Ha gyldig reisedokument eller «annen dokumentasjon som underbygger reell identitet».
  • Har vore direkte tilsett som tolk eller «house staff» – til dømes reinhaldar – av Forsvaret i Afghanistan, eller vore lokalt tilsett på den norske ambassaden i Kabul.
  • Ha dokumentasjon/stadfesting frå Forsvaret eller ambassaden på arbeidsforholdet.
  • Ha arbeid for Forsvaret eller UD etter 31.12.2014.

Dei som når fram til behandling i UDI, kan klage avslag inn for Utlendingsnemnda (Une).

---

Afghanistan

  • Norge hadde soldatar i Afghanistan frå 2001 til 2021. I fleire av leirane hyrte Forsvaret inn afghanarar som tolkar, reinhaldarar, vedlikehaldsarbeidarar og sjåførar.
  • På Norges ambassade i Kabul arbeidde det også lokalt tilsette.
  • Dei siste norske kampsoldatane forlèt landet i juni i fjor.
  • Utanriksdepartementet evakuerte ambassaden då Taliban tok landet i august.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter