Nyheter

Jødar rømer frå krigen – strøymer til Israel

KRIGEN I UKRAINA: Jødar pakkar og reiser frå både Russland og Ukraina. Sidan februar har over 20.500 russiske jødar landa i Israel. Nokre få ukrainske jødar har valt Norge.

— Jødar som for eitt år sidan ikkje tenkte på å bryte opp og reise, pakkar no og migrerer særleg til Israel, fortel Dag Øyvind Juliussen, dagleg leiar i organisasjonen Internasjonale Kristne Ambassade Jerusalem (IKAJ) til Vårt Land.

24. august er det seks månader sidan Russland invaderte nabolandet Ukraina. Ukrainske jødar flyktar til liks med andre ukrainarar frå krigen. Russiske jødar reiser frå Russland fordi dei fryktar morgondagen.

— Dei reiser medan dei kan, for snart kan det vere for seint. Grensene kan bli stengde, fryktar mange russiske jødar, fortel Juliussen, og minner om at under den kalde krigen fekk ikkje jødar fritt utvandre frå Sovjetunionen.

Sjefsrabbinar våga ikkje bli

Etter eit halvt år med krig, summerer organisasjonen som hjelper jødar med å flytte til Israel tal: Over 20.500 av Russlands 165.000 jødar har utvandra til Israel, fortel The Jewish Agency for Israel.

Ein av dei er Pinchas Goldschmidt. Han var sjefsrabbinar i Moskva frå 1993 til mars i år. Han fortel BBC at først ville han bli, men kom så fram til at det blei uråd etter at han hadde snakka Putin-regimet midt i mot.

— Eg kjende at eg måtte gjere noko for å vise sterk avstand og usemje med invasjonen av Ukraina, men at eg ville ha sett meg sjølv i fare om eg hadde gjort det ved å bli i Moskva.

Dei reiser medan dei kan, for snart kan det vere for seint

—  Dag Øyvind Juliussen, dagleg leiar i IKAJ

To familiar til Norge

Kor mange ukrainske jødar som har komme til Israel sidan 24. februar, har ikkje Jewish Agency publisert ferske tal for.

Dei som reiser gjer bruk av den israelske loven som seier at alle som kan prove at dei har minst ein jødisk besteforelder, har rett til statsborgarskap i Israel.

Eit tusental russiske og ukrainske jødar vel andre land enn Israel, fremst mellom desse er USA. Nokre få har komme til Norden. Ei lita gruppe har komme til Danmark.

— To små familiar med ukrainske jødar, mor og barn, har komme til Norge, opplyser Ervin Kohn til Vårt Land. Han er forstandar i Det Mosaiske Trossamfund i Oslo.

Han seier dei budde seg på at det ville komme langt fleire frå Ukraina.

Hjelper Holocaust-overlevande

I Russland samarbeider norske IKAJ med Jewish Agency. Organisasjonen er med på heile reisa, frå folk bryt opp og flyg til Israel, til integreringa byrjar i det nye heimlandet.

IKAJ arbeider også med ukrainske jødar:

— Me har finansiert reisa til 800 av dei som har reist frå Ukraina til Israel, fortel Juliussen.

Organisasjonen arbeider særleg med ukrainske Holocaust-overlevande. Nær 100 eldre jødar er blitt henta ut av krigssona, fleire av desse er flydde til Israel.

Aldersheimen Haifa Home har tatt i mot ukrainske jødar som overlevde folkemordet.

fest

Stor utvandring

Kor mange jødar som bur i høvesvis Russland og Ukraina, er eit definisjonsspørsmål, opplyser Institute for Jewish Policy Reserach (JPR):

  • Russland: Det spenner frå 155.000 til 600.000. Det første talet er dei som identifiserer seg som jødiske medan det siste talet er dei med minst ein jødisk besteforelder.
  • Ukraina: Her går spennet frå 45.000 til 200.000.

Ervin Kohn minner om at den jødiske utvandringa frå Russland og Ukraina i nyare tid ikkje starta med krigen, men med at Sovjetunionen gjekk i oppløysing i 1991:

— Sovjetstaten hadde som mål å komme jødedommen til livs, samstundes som jødar ikkje fekk lov til å utvandre. Det blei mogleg med perestrojkaen. Difor er det 1,25 millionar i Israel med bakgrunn i eks-sovjet.

JPR melder at det budde nær 600.000 jødar i Russland og 500.000 i Ukraina i 1989, og at dette var borgarar som definerte seg som jødiske.

Ervin Kohn, forstander i Det mosaiske trossamfunn (DMT)

Jødar er alltid på vakt

Samuel Rachlin er Russland-kjennar og tidlegare korrespondent i Moskva for DR, Danmarks NRK. Til Kristeligt Dagblad forklarar han kvifor eit aukande tal russiske jødar no vel å utvandre:

Dei har historiske røynsler som gjer at dei alltid er på vakt, dermed legg dei merke til faresignala før dei fleste andre.

— Dette betyr at mange har valt å reise før det er for seint, seier Rachlin, som kjem frå ein jødisk familie som blei deportert frå Litauen til Sibir i 1941, før han fekk utvandre til Danmark.

Sovjetstaten hadde som mål å kome jødedommen til livs, samstundes som jødar ikkje fekk lov til å utvandre

—  Ervin Kohn til Vårt Land, forstandar i Det Mosaiske Trossamfund

Vil stengje ned organisasjon

I Russland prøver styresmaktene no å stoppe arbeidet til The Jewish Agency for Israel. Justisdepartementet vil stengje avdelinga grunna lovbrot. Organisasjonen blir skulda for ulovleg innsamling av persondata frå russiske borgarar.

---

Ukraina-krigen

  • 24. februar invaderte Russland nabolandet Ukraina.
  • Begge land har store jødiske folkegrupper, om ein legg den mest liberale definisjonen til grunn budde det 600.000 jødar i Russland og 200.000 i Ukraina i 2020.

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter