Nyheter

Ein person arrestert etter skyting på kjøpesenter i Malmö

Ein person er arrestert etter skyting på kjøpesenteret Emporia i Malmö fredag ettermiddag, opplyser politiet. Ein mann og ei kvinne er skadd.

Politiet opplyser at to personar er skadde. Ifølgje Sydsvenskan er det ein mann og ei kvinne, og ein av dei er alvorleg skadde. To ambulansar vart observerte køyrande frå staden.

Avisa skriv at den arresterte er ein gut i tenåra, fødd i 2007, og politiet seier hendinga er knytt til eit kriminelt miljø.

Like etter klokka 17 fekk politiet den første meldinga om at fleire skot var losna inne på kjøpesenteret. Dei rykte ut med store ressursar, og politifolk med våpen tok seg inn i senteret. Der hadde fleire menneske forskansa seg bak stengde butikkdører.

Klokka 18.36 opplyser politiet at den omgåande faren for publikum ser ut til å vere over. Dei ber folk ikkje komme til kjøpesenteret, og seier dei skal ta seg av dei som var på staden.

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter