Det er EU som leier samtalane mellom dei to nabolanda. Håpet er å få til varig endring etter at spenninga mellom dei igjen auka i sommar, men forventningane synest å vere låge.
– Vi kjem til å ha vanskelege samtalar, sa Serbias president Aleksandar Vučić onsdag.
– Vi er usamde om nesten alt, la han til.
Håpar på normalisering
EUs utanrikssjef Josep Borrell leidde samtalen mellom den serbiske presidenten torsdag og Kosovos statsminister Albin Kurti.
Borrell oppmodar begge leiarane til å «vere opne og fleksible, og finne saman om eit felles grunnlag».
– Dei nylege spenningane nord i Kosovo har endå ein gong vist at det er på tide å ta steg i retning full normalisering, skreiv EU-toppen på Twitter torsdag.
Auka spenning
Borrell kalla inn til krisesamtalar etter at det i juni braut ut ein konflikt mellom dei to landa knytt til bilskilt og identitetspapir. Usemja resulterte i barrikadering av gater og skotveksling.
Situasjonen roa seg etter at Kosovo gjekk med på å anerkjenne bilskilt og identitetspapir utskrivne av Serbia for innbyggjarar busette i Kosovo i 30 dagar til.
Likevel heldt den krasse ordvekslinga mellom dei to landa fram, og EU kom derfor med ei fråsegn førre veke der dei blir bedne om å «umiddelbart stanse den gjensidige fiendskapen og dei farlege utsegnene, og vise ansvar».
Langvarig mekling
Kosovo braut ut av Serbia i 1999 etter at Kosovokrigen tok slutt og erklærte sjølvstendet sitt i 2008.
EU har mekla mellom dei to landa i over eit tiår, men det er lite håp om raske gjennombrot, ifølgje Dimitar Bechev ved tankesmia Carnegie Europe. Han meiner begge partar manglar insentiv til å bli samde.
– Møtet torsdag kan ideelt sett føre til ei løysing på konflikten rundt bilskilt og ID-dokument, seier Bechev.
Viss ikkje kan partane i det minste bli samde om endå ei utsetjing av dei nye reglane, meiner han.
Natos generalsekretær Jens Stoltenberg uttalte denne veka at Natos Kosovo-styrke (KFOR) står klare til å gripe inn dersom stabiliteten blir trua.