KS: – Vi må få tilbake trua på fastlegeordninga

KS er fornøgd med avgjerda til staten om å betre fastlegeordninga. Dei meiner det er viktig å få trua tilbake på ordninga.

Publisert Sist oppdatert

– Det er heilt nødvendig for å snu ei negativ utvikling, seier styreleiar Gunn Marit Helgesen i kommuneorganisasjonen KS i ei pressemelding

Torsdag melde regjeringa at eit ekspertutval skal gjennomgå fastlegeordninga og deretter gi konkrete forslag til tiltak for å styrkje ordninga.

– Nyheita er svært etterlengta, og det hastar å komme i gang om vi skal redde fastlegeordninga. Meirkostnadene kommunane har knytt til fastlegeordninga, aukar mykje kvart einaste år. Dette er pengar som kunne vore brukte på andre formål, seier ho.

Store forventningar

Ekspertutvalet skal levere første rapport med førebelse vurderingar og tilrådingar innan 1. desember 2022. Den endelege rapporten blir levert innan 15. april 2023. Regjeringa tek deretter med seg innspela dei får, inn mot statsbudsjettet for 2024.

– Kommunane har store forventningar til statsbudsjettet for 2023 og til at ekspertutvalet neste år klarer å jobbe fram gode løysingar som får noko å seie for budsjettet i 2024, seier Helgesen.

Lite endra ordning

Fastlegeordninga har vore lite endra på 20 år, ifølgje KS. Samtidig opplyser regjeringa at utfordringane i fastlegeordninga har auka over tid. Situasjonen er at fastlegane har høg arbeidsbelastning, at unge legar ikkje søkjar seg til ordninga, og at stadig fleire kommunar opplever rekrutteringsutfordringar.

Ekspertutvalet skal mellom anna gi regjeringa konkrete forslag til både organisering og finansiering av fastlegeordninga.

– Det er viktig å gi kommunane handlingsrom til å velje den driftsforma dei meiner dei er best tente med, anten det er fastlønn eller næringsdrift, meiner Helgesen.