Nyheter

Tørke truar Europas kornkammer

Medan store delar av Europa blir ramma av nye hetebølgjer, aukar frykta for at tørken truar dei store avlingane. Det kan auke folks levekostnader ytterlegare.

Frankrike, delar av England og Portugal har lagt bak seg den tørraste julimånaden som nokon gong er registrert.

Ekstrem tørke driven fram av klimaendringar står i fare for å ramme det som elles er stabile avlingar i Europas store jordbruksnasjonar.

EU-kommisjonen har allereie åtvara om at fleire medlemsland vil få reduserte avlingar i år. Tørken har fått kommisjonen til å be medlemsstatane om å bruke om att reinsa avløpsvatn når dei uttørka åkrane skal vatnast.

I Frankrike er tørken den verste som nokon gong er registrert, ifølgje regjeringa. Den intense tørken går allereie hardt ut over bøndene, og det er innført vassrestriksjonar i nesten alle fylka i landet.

Tørre beitemarker

I juli vart det berre målt 9,7 millimeter nedbør i Frankrike. Det er 84 prosent mindre enn gjennomsnittet for juli månad mellom 1991 og 2022, ifølgje det meteorologiske instituttet Meteo-France. Ikkje sidan mars 1961 er det registrert ein tørrare månad i Frankrike.

Bønder over heile landet melder at dei slit med å fôre husdyra sine på grunn av uttørka beitemarker. I store delar av nordvest og søraust er vatning forbode på grunn av mangel på ferskvatn.

Frankrike er den fjerde største eksportøren i verda av kveite og blant dei fem største eksportørane i verda av mais. Dersom avlingane blir dårlege som følgje av tørken, kan det auke presset ytterlegare på verdsmarknaden.

Matsystem under press

Frå før har Russlands invasjon av Ukraina skapt sjokkbølgjer i kornmarknadene – dei to landa er begge blant dei største kveiteeksportørane i verda.

– Matsystemet vårt har vore under press ei stund, og med leveringsproblem frå Ukraina har det berre vorte verre, seier Shouro Dasgupta, miljøøkonom ved Euro-Mediterranean-senteret for klimaendringar.

– Desse hetebølgjene kjem på toppen av tørken og vil føre til at avlingane blir øydelagde raskare, seier Dasgupta.

Han meiner ekstrem hete forårsaka av klimaendringar både bidreg til auka matprisar for forbrukarar og verre vilkår for produsentane.

– Tørkar og hetebølgjer påverkar folks levebrød. Folk vil få dårlegare råd til å kjøpe mat, seier miljøøkonomen.

– Og under hetebølgjer er utandørsarbeidarar i stand til å jobbe færre timar, noko som gir ytterlegare konsekvensar for forsyninga, legg Dasgupta til.

Færre bær og bønner

Mesteparten av det sørlege og austlege England hadde også sin tørraste juli i manns minne, ifølgje Met Office. Nokre vassverk har allereie innført avgrensingar som gjeld millionar av menneske. Frukt- og grønsakprodusentar har rapportert om tapte avlingar av mellom anna bønner og bær.

I juni var prisveksten på drivstoff og mat den høgaste på 40 år i Storbritannia. Situasjonen er eit teikn på at matsystema ikkje fungerer, meiner Elizabeth Robinson.

– Det er nokre langsiktige, vanskelege samtalar som må takast, spesielt om matsvinn og bruken av korn som dyrefôr framfor menneskemat, seier Robinson, som er direktør for Grantham forskingsinstitutt for klimaendringar ved London School of Economics.

Mindre oliven-avling

I Spania forverrar endå ei hetebølgje vassmangelen som har ramma landbruket sidan i fjor vinter. Vassavgrensingar rår i dei hardast ramma regionane. Spanias vassreservoar har ei fyllingsgrad på berre 40 prosent, åtvarar regjeringa.

Avlingane frå olivenlundar som ikkje får kunstig vatning, blir i år berre på 20 prosent av gjennomsnittet det siste fem åra, ifølgje bondeorganisasjonen COAG.

3 millimeter nedbør

Portugal er ramma av den verste tørke dette hundreåret, ifølgje miljøministeren i landet. Juli var den varmaste sidan målingane starta i 1931. På landsbasis vart det målt 3 millimeter nedbør, ifølgje det meteorologiske instituttet IPMA. Gjennomsnittstemperaturen var nesten 3 grader høgare enn normalt for juli.

Ekstrem tørke rår på 45 prosent av fastlandet. Resten er ramma av det IPMA beskriv som alvorleg tørke.

Også Portugal har, til liks med land som Polen, Nederland og Frankrike, bede innbyggjarane om å redusere vassforbruket.

Nasjonal vassmangel

Ifølgje EU-kommisjonen opplever 44 prosent av EU og Storbritannia urovekkjande tørke. Frankrike, Romania, Spania, Portugal og Italia vil alle få reduserte avlingar som følgje av tørken, ifølgje EU.

I juli var avlingane av soyabønner, solsikker og mais allereie 9 prosent lågare enn gjennomsnittet, åtvara EU i juli.

I vasslandet Nederland erklærte regjeringa nasjonal vassmangel som følgje av den varme, tørre sommaren. Det betyr at eit sentralisert kriseteam skal halde oppsyn med fordelinga av vatnet. Tryggleiken til dika, drikkevatn og energiforsyning skal prioriterast.

– Verste nokosinne

Frå før er det innført avgrensingar på bruk av vatn i landbruket. Nederland er den nest største eksportøren av landbruksprodukt i verda, og i delar av landet har bøndene fått forbod mot å vatne avlingar med overflatevatn.

I Frankrike har regjeringa nedsett ei krisegruppe for å handtere tørken.

– Denne tørken er den verste som nokosinne er registrert i landet vårt. Situasjonen kan halde fram dei neste to vekene eller forverrast ytterlegare, sa Frankrikes statsminister Elisabeth Borne før helga.

Blir meir likt Nord-Afrika

Den globale oppvarminga fører til meir ekstreme hetebølgjer, verre tørkeperiodar, hyppigare ekstremnedbør og stigande havnivå, ifølgje klimaforskarar.

FNs klimapanel har både varsla meir tørke, hyppigare flaum og vanskelegare forhold for landbruket i Europa.

Ekspertar har åtvara om at klimaet i Sør-Europa forandrar seg i ei så stor grad at det vil byrje å likne på det i Nord-Afrika.





(©NPK)

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter