Nyheter

Noreg i diplomatisk strid om kvinnerettar

KVINNEHELSE: Noreg er blant landa som nektar å underskriva ei ny, internasjonal erklæring. Grunnen er at Storbritannia i ettertid har fjerna setningar om kvinners seksuelle og reproduktive rettar.

Noreg er i ein diplomatisk strid med Storbritannia. Grunnen er ei ny erklæring om religionsfridom og likestilling som blei vedteke på ein internasjonal konferanse i starten av juli.

I ettertid har Storbritannia fjerna formuleringar i erklæringa, som Noreg var sentral i å utarbeida.

Me har beklaga Storbritannias handtering av saka

—  Eivind Vad Petersson, statssekretær i Utanriksdepartementet

– Desse endringane er beklagelege og uakseptable, og er bakgrunnen for at Norge ikkje har signert denne utsegna. Me har beklaga Storbritannias handtering av saka, seier statssekretær Eivind Vad Petersson i Utanriksdepartementet til Vårt Land.

Setningane som Storbritannia har teke ut, går på kvinners seksuelle og reproduktive helse og kroppsleg autonomi.

Noreg får støtte frå over 20 organisasjonar, som i eit ope brev koplar erklæringa til kvinners tilgang til abort.

Setningane som forsvann

Det er den britiske avisa The Guardian som først omtala saka. Avisa har funne førsteutkastet av erklæringa ved hjelp av internett-arkivet Wayback Machine.

Denne erklæringa har med fleire formuleringar om å sikra kvinners seksuelle og reproduktive rettar og kroppsleg autonomi. 22 land har underteikna denne teksten, inkludert Noreg.

I den redigerte erklæringa er desse formuleringane tekne ut, og berre åtte land har underteikna. Mellom desse landa er Malta, som ikkje underteikna førsteutkastet. I Malta er abort ulovleg.

– Etter konferansen og utan forvarsel, vart fellesinnlegget fjerna frå konferansens heimeside av Storbritannia, som var vertskap for konferansen. Det vart erstatta med eit nytt og utvatna innlegg, seier statssekretær Eivind Vad Petersson i Utanriksdepartementet (UD).

Han seier sentrale punkt var vekke i den nye teksten. Vekke var referansar om at landa skal kjempa mot lovar som tillèt skadelege skikkar, og setningar om at kvinner og jenter skal ha full tilgang til seksuell og reproduktiv helse og rettar.

Dei åtte landa som har underteikna den ferdige erklæringa er Hellas, Italia, Latvia, Malta, Romania, Slovenia, Ukraina og Storbritannia.

Viser til Roe vs. Wade

Noreg har no laga ein kompromisstekst som inneheld både endringane frå Storbritannia og sentrale delar frå det opphavlege innlegget.

– Verken me eller fleirtalet av dei 22 landa vil underteikna den noverande versjonen av innlegget med mindre våre synspunkt blir innarbeidd, seier statssekretær Petersson i UD.

Noreg får støtte frå 20 menneskerettsgrupper, inkludert Amnesty, Human Rights Watch og fleire organisasjonar som jobbar for abort-rettar.

Dette kan skada det tillitsbaserte samarbeidet mellom land og organisasjonar

—  Ed Brown, Stefanusalliansen

I eit ope brev gjev organisasjonane uttrykk for stor uro, og kopler endringane til abortsaka. Dei peiker på at tilgangen til abort er truga på verdsbasis, etter at amerikansk høgsterett nyleg oppheva abortretten i USA ved å setta kjenninga Roe vs. Wade til sides.

Organisasjonane viser vidare til ei undersøking som viser at mindre enn fem prosent av Storbritannias befolkning er mot abort. Dei skriv:

«Det har aldri vore meir viktig at den britiske regjeringa står opp for seksuell og reproduktiv helse og rettar og kroppsleg autonomi.»

Stefanusalliansen: Kan skada samarbeid

Erklæringa om religionsfridom og likestilling er eit av sluttprodukta etter Den internasjonale trusfridomskonferansen i London i juli. 36 land er med i alliansen som held denne konferansen.

Frå Noreg deltok UDs spesialrepresentant Øystein Lyngroth.

21.03.22 Stefanusalliansen, Oslo, Norge. ny FN-rapport om trosfrihet

Noreg og Danmark leia gruppa som arbeidde med utkastet til erklæringa. Storbritannia var vert for arrangementet, og har vore ansvarleg for det administrative etterarbeidet.

Ed Brown, generalsekretær i Stefanusalliansen, var med å skrive utkastet til erklæringa. Han sat i den dansk-norske arbeidsgruppa som formulerte utkastet, og han reagerer på det som har skjedd.

– Det er uheldig at dette skjer etter at konferansen er over og alle er einige. Dette kan skada det tillitsbaserte samarbeidet mellom land og organisasjonar.

Han fortel at arbeidsgruppa sende ut utkastet til erklæringa fleire veker før konferansen starta.

– Me forventa at land skulle koma med sine innvendingar, som dei ofte gjer. Men det kom ingenting.

Så utkastet vart til erklæringa som dei 22 landa signerte. Før teksten vart endra, og publisert med berre åtte land som underteikna.

Meiner det ikkje berre gjeld abort

Ed Brown i Stefanusalliansen er likevel kritisk til organisasjonar som koplar saka til abort.

– Å kopla erklæringa berre til abort er sensasjonalistisk, og viser at ein les den ut ifrå ein vestleg kontekst. Seksuell og reproduktiv helse er ikkje berre abort, men også mellom anna prevensjon og fødselshjelp. Det kan vera å kjempa mot systematisk valdtekt av uiguriske kvinner i Kina eller kidnapping og tvangsekteskap av kristne og hinduar i Pakistan.

Kor viktig er ei slik erklæring?

– Erklæringa er ikkje bindande, men den har ein symbolsk effekt. Det kan legge press på aktørar for å jobbe meir med kvinners seksuelle og reproduktive rettar.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Jor Hjulstad Tvedt

Jor Hjulstad Tvedt

Jor Hjulstad Tvedt er journalist i religionsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter