Nyheter

Tine investerte 800 millionar i Irland - pengane kan gå tapt

DYR MJØLK: Tine har flagga ut produksjon av Jarlsberg til Irland. No slår Tine-sjefen alarm om høge irske mjølkeprisar, og opnar for at 800 millionar kroner kan gå tapt.

Tine har investert nesten ein milliard kroner i eit meieri ved Cork i Irland.

Meieriet i landsbyen Mogeely skal produsera Jarlsberg-ost på irsk mjølk til den internasjonale marknaden. Sidan oppstarten har meieriet gjeve raude tal i rekneskapen til Tine.

No varslar Tine-sjef Gunnar Hovland ein ny trussel for lønsemda til meieriet: Ein høg global mjølkepris.

– Irland har vore veldig konkurransedyktig på mjølkepris. No er situasjonen ein annan. Når mjølkeprisen går opp globalt, går den også opp i Irland. Det gjer at me har ei utfordring for lønsemda basert på det reknestykket frå i 2016. Den irske mjølkeprisen kjem nok til å gå ned att, men kanskje ikkje til same nivå som før, seier Hovland til Vårt Land.

Global mjølkepris er dobla

I 2016 vedtok Tine å flagga ut produksjonen av 10.000 tonn Jarlsberg-ost til Irland. Osten til eksport skulle ystast på irsk mjølk.

Grunnen var stortingsvedtaket om at Tine ikkje lenger skulle få støtte til eksport av Jarsbergost. Denne eksportstøtta var i strid med WTO-regelverket. WTO står for Verdens handelsorganisasjon.

5

– Vurderinga av Tine-leiinga var den gong at me ikkje kunne auka prisen på Jarlsberg tilstrekkeleg, som var konsekvensen om ein skulle laga Jarlsberg til utlandet på norsk mjølk. Ein kom i 2016 fram til at bøndene ville få betre økonomi ved å bygga anlegg i Irland og produsera Jarlsberg på irsk mjølk, seier Hovland, som er konsernsjef i Tine.

Tal frå Global Dairy Trade viser at den globale mjølkeprisen er over dobla for juli i år samanlikna med juli i 2016.

– Det er alltid risiko med investeringar

Gunnar Hovland tok over som konsernsjef i Tine i 2019.

– Var det eit feilsteg å investera basert på ein låg, irsk mjølkepris?

– Det er lett å vera kritisk til noko ein bestemte i 2016. Etterpåklokskapen er jo den mest eksakte vitskapen. Dette er ei avgjersle frå mine forgjengarar basert på det ein visste den gongen, som eg ikkje vil kritisera.

– Tine har investert rundt 800 millionar kroner i Irland. Er det ein risiko for at de ikkje får dei pengane tilbake?

– Det er alltid risiko med investeringar. Men me ser på ulike måtar å løysa dette på.

Mange skjær i sjøen

Sidan vedtaket i 2016 har det vore mange humpar i vegen for det irske meieriet.

Først i 2021 hadde meieriet første fulle driftsår. Meieriet har måtte handtera fleire miljøklager knytt til utslepp, og har hatt fleire periodar med kvalitetsutfordringar på osten, skriv selskapet i årsrapporten for 2021.

– No har me fått opp kvaliteten på osten me produserer i Irland, det betyr mykje, seier Gunnar Hovland.

e

TINE Internasjonal, inkludert osteeksport, har levert negativt resultat dei siste tre åra. Driftsresultatet enda på minus 135 millionar kroner for 2021. Selskapet forklarer resultatet i årsrapporten med at anlegget i Irland framleis er i oppstartsfasen:

«Som en konsekvens av oppstartsfasen har vi enda til gode å ta ut gevinsten av å ha flyttet produksjonen fra Norge til Irland.»

På grunn av problema i Irland, har norske meieri måtte trø til. Tine produserer no ein del av Jarlsberg for eksport frå Noreg. Det skal Tine fortsetta med fram til dei har sikra stabilitet og sikker levering frå Irland, kjem det fram i årsrapporten.

Avhengig suksess i utlandet

I helga omtala Vårt Land Tine sine mange nedleggingar av lokale meieri, der meieriet på Voss er sist ut.

Samstundes som Tine legg ned lokalt, satsar det bondeeigde samvirket for fullt i utlandet.

I tillegg til meieriet i Irland har Tine dotterselskap i USA, Storbritannia og Danmark. Norsk brunost blir sendt frå Nord-Noreg til Sør-Korea, og Tine har snust på handel med Kina.

Tine legger ned meieriet i Voss.

Tine-sjef Gunnar Hovland seier eksport er sentralt for framtida til norske bønder.

– Me ser at importen aukar, folk vil ha ostar som Gorgonzola og Roquefort. Sånn er det berre. Gjennom eksport kan me sikra at norske bønder framleis kan produsera norsk mjølk i framtida.

Brunost på pizza

Gunnar Hovland omtalar Asia som Asia er «ein enormt stor marknad».

– Mange meieriselskap satsar på Asia, for der er det befolkningsvekst og velstandsauke som gjev meir etterspørsel etter meieriprodukt. Så ser me at det arktiske er populært i Asia, og at me i Noreg har småskala drift med sunne dyr, seier Hovland og legg til:

– Det er spanande å sjå korleis brunosten vår blir teken i mot i Korea. Der bruker dei han som pizzatopping og i muffins. Dei har jo ikkje ostehøvel og brødskive slik som oss.

Dagbladet har tidlegare omtala at Tine har meldt seg på Noreg sine eksportplanar til Kina.

Til Vårt Land vil Gunnar Hovland ikkje gå meir i detalj:

– I Kina har me testa moglegheita saman med norske styresmakter. Eg kan ikkje seia så mykje meir enn det. Det kjem aldri til å skje at me flyr inn fersk mjølk til Kina. Det blir i så fall snakk om meieriprodukt som blir sendt på containerskip.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter