Nyheter

Statsforvaltaren i Agder: Fastlegesituasjonen er alvorleg

AGDER: 10 prosent av fastlegelistene i Agder blir betente av vikarar, og 4 prosent av listene har for tida ingen lege. Statsforvaltaren kallar situasjonen alvorleg.

Ein tilstandsrapport om fastlegesituasjonen i Agder viser at mange kommunar slit med rekruttering av fastlegar.

– Vurderinga vår er at kvalitet og pasienttryggleik er trua og rammar dei svakaste mest, skriv Statsforvaltaren.

Over halvparten av dei 25 Agder-kommunane vurderer at situasjonen er kritisk, mellom anna Kristiansand og Arendal. Desse to kommunane er blant dei ni kommunane som ikkje har nokon ledige listeplassar.

Situasjonen fører mellom anna til utfordringar med å få reseptar, forseinka utgreiingar og problem med å skrive ut legeerklæringar, ifølgje Statsforvaltaren.

På landsbasis manglar 150.000 personar fastlege.

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter