Nyheter

Boris Johnson nektar å trekkje seg

Over 30 medlemmer har trekt seg frå regjeringspostane sine under Boris Johnsen, men den britiske statsministeren har ingen planar om å gå av.

Det siste døgnet har ei rekkje tidlegare allierte av Boris Johnson trekt seg frå regjeringspostane sine på grunn av manglande tillit til statsministeren.

Ifølgje Sky News utgjer talet på onsdag ettermiddag, nesten ein femdel av det totalt regjeringsapparatet.

Under spørjetimen i parlamentet onsdag vart Johnson grilla både om masseflukta frå eigne rekkjer og om skandalen rundt partikollegaen Chris Pincher som førre veke vart suspendert frå Det konservative partiet etter skuldingar om at han skal ha tafsa på to menn i fylla.

Nektar å gå

Statsministeren understreka i spørjetimen at han var der for å snakke om økonomi og ikkje om Pincher eller sin eigen avgang.

– Vi ønskjer å hjelpe folk med dei tinga som betyr noko for dei, som å kutte skatten, sa han.

– I krevjande omstende er det ein statsministers jobb å halde fram. Det er det eg kjem til å gjere, sa Johnson.

Før spørjetimen hadde meir enn 15 politikarar trekt seg frå postane sine i regjeringsapparatet.

– Nok er nok

Tysdag trekte finansminister Rishi Sunak og helseminister Sajid Javid seg som statsrådar. Under avskjedstalen sin i parlamentet onsdag, sa Javid at «nok er nok».

– Eit lag er så godt som kapteinen sin. Og ein kaptein er så god som laget sitt. På eit tidspunkt må du berre seie at nok er nok. Problema startar på toppen og det kjem ikkje til å endre seg, sa han og la til at Verdiane av det konservative partiet står i fare.

I etterkant av spørjetimen valde ti regjeringsmedlemmer til å trekkje seg. Alle desse var statssekretærar i ulike departement.

Kjende seg logen til

Måndag gjekk statssekretæren i utdanningsdepartementet, Will Quince, ut og forsvarte Johnson etter at det vart kjent at statsministeren lenge hadde visst om tidlegare klagar mot Pincher.

Onsdag sa Quince at han vart logen til for å gi feil informasjon til media, ifølgje The Guardian. Quince kunngjorde oppseiinga si på Twitter onsdag formiddag.

Robin Walker skreiv samtidig på Twitter at han fråtrer stillinga si som statssekretær i utdanningsdepartementet. Han peika på hendingane den siste tida som er bakteppet for avgjerda.

Også Victoria Atkins kunngjorde sin avgang onsdag. Ho har vore statssekretær i justisdepartementet.

Kvart departement blir leidd av ein statsråd, men dei har også underavdelingar som blir leidde av såkalla juniorministrar, tilsvarande som statssekretærar i Noreg.

Manglar tillit

Både Quince, Walker og Atkins' stillingar har vore som slike ministrar. I tillegg har også fleire parlamentsmedlemmer gått offentleg ut og trekt si støtte til statsministeren.

Tidlegare onsdag valde Laura Trotts å seie opp stillinga si som parlamentarisk privatsekretær, ein assistent til toppolitikarane i samferdselsdepartementet.

– Tillit i politikken er – og må alltid vere – av største betydning, men dessverre har denne gått tapt dei siste månadene, skreiv ho i eit innlegg på Facebook onsdag formiddag.

Felicity Buchan trekte seg frå stillinga si i departementet med ansvar for industri, forsking, energi og klimaendringar. Ho hadde ei tilsvarande stilling som Trott.

(©NPK)

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter