Nyheter

Fire nye restaurantar fekk stjerne i Michelin-guiden

Restaurantane Hot Shop, Schlägergården, Lysverket og Hyde fekk alle éi stjerne under utdelinga til Michelin-guiden for Norden måndag. Maaemo beheldt sine tre.

Bergen-restauranten Lysverket er tildelt én michelinstjerne, og kjøkkensjef Christopher Haatuft hadde med seg familien opp på scenen. Michelin-guidens gjeve stjerner for de nordiske landene ble delt ut i Stavanger konserthus mandag kveld. Foto: Carina Johansen / NTB

Dermed vart det tre nye stjerner til Oslo og éin ny til Bergen.

– Det har vore eit par harde år. Vi kan ikkje ta det for gitt. Det er eit ekstra fint år å få tildelt ei stjerne, sa kjøkkensjef Christopher Haatuft frå bergensrestauranten Lysverket.

Ingen nye trestjerners

Til saman fekk elleve nye restaurantar i dei nordiske landa éi stjerne. Finland og Danmark fekk i tillegg kvar si nye tildeling med to stjerner: Palace og Frederikshøj.

Heile matbransjen var klare for ein festkveld i Stavanger konserthus, der stjernene vart delt ut til restaurantar i dei nordiske landa. Men ingen nye restaurantar nådde opp til nivået for å få tildelt tre stjerner.

Danske Noma og norske Maaemo beheldt dei tre stjernene sine, medan danske Geranium og svenske Frantzén tok tilbake sine tre. Maaemo-kjøkkensjef Espen Holmboe Bang gav uttrykk for at dei ikkje kan kvile på laurbæra.

– Vi må prøve å vinne dei tilbake, kvart år. Det er eit vitnesbyrd over kva vi gjer kvar dag, sa han til den fullsette salen i Stavanger konserthus.

Meir prisdryss til Noreg

Noreg utmerkte seg også med tildeling av prisen Young Chef-award, som gjekk til Jimmy Øien frå Rest. Restauranten Credo i Trondheim, under leiing av Heidi Bjerkan, fekk prisen Welcome and service award.

Michelin-guiden delte også ut fem grøne stjerner, som går til restaurantar som blir framheva for berekraftig drift. Norske Jossa mat og drikke var blant dei fem.

(©NPK)

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter