Nyheter

Ber muslimsk talsperson ta oppgjer med gamle utsegn om homofili

TERROR: Sarah Gaulin ber Basim Ghozlan ta avstand frå utsegner om at homofili er synd og avvik og bør kurerast. – Feil å diskutera det på dette tidspunktet, svarer han.

– Basim Ghozlan har kome med mange utsegner om homofile som eg har reagert sterkt på. Eg ser på desse utsegnene som hatefulle.

Det seier Sarah Gaulin, Ap-politikar og leiar i organisasjonen LIM – som står for likestilling, integrering og mangfold.

I etterkant av masseskytinga i Oslo har ho bede muslimske organisasjonar ta eit oppgjer med homofobi i muslimske miljø.

I intervju med Vårt Land retter ho spesielt kritikk mot ein person: Basim Ghozlan.

Ghozlan er ein kjend muslimsk leiarskikkelse med verv i paraplyorganisasjonen Muslimsk Dialognettverk og Rabita-moskeen i Oslo.

Ber om eit oppgjer

Utsegnene som Gaulin reagerer på, kjem frå eit Dagbladet-intervju frå 2008.

I intervjuet seier mellom anna Basim Ghozlan at homofil praksis er synd og homofili er eit avvik.

Han gjev uttrykk for at homofile muslimar er eit problem, og opnar for dei bør «behandlast», om det er mogleg:

– For deres egen skyld er det bedre. Da slipper de å være en del av avviket, og det vil gjøre livet deres lettere, er Ghozlan sitert på.

Sarah Gaulin fortel at ho blei gjort merksam på artikkelen av ein ung mann som kontakta organisasjonen LIM etter masseskytinga i helga.

y

– Desse kommentarane har festa seg hjå han som tok kontakt. Eg håper Basim Ghozlan kan ta eit oppgjer med desse utsegnene når han ser kva slike haldningar kan føra til. Eg håper Basim har fått betre haldningar, seier LIM-leiar Gaulin.

Artikkelen i Dagbladet var sist oppdatert på nett i 2016.

Meiner artikkel er feil

Når Vårt Land tek kontakt med Basim Ghozlan, seier han at artikkelen i Dagbladet er feil.

– Eg kom med mine svar i ein ny artikkel der eg retta på mange påstandar. Eg har rydda opp i det eg har meint.

Det har ikkje lukkast Vårt Land å finna den artikkelen Ghozlan viser til. Han har heller ikkje sendt lenke til artikkelen på førespurnad. Han meiner seg feilsitert av Dagbladet og seier han skal kontakta avisa om saka.

Han viser vidare til eit nytt intervju han gjorde med NTB i 2008. Der understrekar han at han meiner homofil praksis er synd, og ikkje legning i seg sjølv.

I intervjuet med NTB seier han at han ikkje meiner at homofili generelt sett bør kurerast. Han legg til i intervjuet:

– Men om man har en legning som er i konflikt med ens tro, er det da ikke bedre å slippe å leve med den konflikten?

– Detaljar lagar ofte splittingar

Når Vårt Land spør om han i dag ser på homofil praksis som synd eller eit avvik, svarer han:

– Eg synes det er feil å diskutere det på dette tidspunktet. No skal me stå samla om at alle skal kunne føle seg trygge. No har me hatt ei tragisk hending. Då er det dumt å diskutera verdisaker som det tek lang tid å kome til bunns i. Me må samlast i at alle skal leva frie og trygge liv.

Han seier han er open for å seia si heile meining ein annan gong.

– Men detaljar lager ofte splitting. Det ønsker eg ikkje i denne situasjonen.

– Meiner du homofile kan «kurerast», om det er mogleg?

– Eg støtter alle sin rett til å velja for seg sjølv.

– Mange skeive muslimar som er redde

Basim Ghozlan er styremedlem og kontaktperson i forsamlinga Det Islamske Forbundet i Norge som driv Rabita-moskeen i Oslo. Han har i fleire tiår vore forstandar for moskeen, men har ikkje lenger denne tittelen.

Han er også styremedlem i Muslimsk Dialognettverk (MDN), ein paraplyorganisasjon som representerer over 30.000 muslimar i Norge. Moskear i Noreg er samla under Muslimsk Dialognettverk (MDN) og Islamsk Råd Norge (IRN). Førstnevnte har i offentlegheita blitt sett på som meir liberal.

Sian markere motstand mot islamisering. Rabita-moskeen i Oslo svarer med åpen moské.

Sarah Gaulin seier det er viktig at desse organisasjonane er tydelege etter masseskytinga i Oslo:

– Eg kjenner mange skeive muslimar som er redde for å leva eit fritt liv. Derfor er det viktig at dei muslimske organisasjonane tek eit tydeleg oppgjer med homofobi i muslimske miljø.

Kritisk til Facebook-innlegg

Gaulin er kritisk til utsegna Muslimsk Dialognettverk la ut på Facebook i helga der dei skreiv:

Vi er sjokkerte og rystet over det grufulle angrepet mot liv og helse som fant sted i natt. Våre tanker går til ofrene og deres pårørende. Ingen skal oppleve å bli utsatt for vold. Et angrep mot én er et angrep mot alle.

– Uttalinga viser at dei framleis har ein lang veg å gå. Dei nemner ikkje homofili og at dette er eit angrep på det skeive miljøet. Ved å ikkje ta opp dette, tek dei ikkje eit oppgjer.

Basim Ghozlan svarer slik på kritikken:

– Når me seier «Et angrep mot én er et angrep mot alle», er det meir omfattande enn å nemne spesifikke grupper. Skeive er ein del av dette «alle».


Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter