Nyheter

Solberg om pride-avlysing: – Veldig lei meg

PRIDE: Erna Solberg seier at det er uendeleg trist at politiet meiner situasjonen er så alvorleg at dei tilrår å utsetje alle pride-arrangement

– Eg er veldig lei meg for at støttemarkeringa i kveld på Rådhusplassen ikkje kan gjennomførast, men vi er nøydde til å ta omsyn til at politiet seier dei ikkje kan garantere for tryggleiken, seier Høgre-leiar Erna Solberg til VG.

Måndag ettermiddag tilrådde Politiet å utsetje alle pride-arrangement i Noreg på grunn av den ekstraordinære trusselsituasjonen. I 17.20-tida stadfesta arrangørane bak støttemarkeringa som var planlagd på Rådhusplassen i Oslo i kveld at dei avlyser markeringa.

– Det er dessverre ei kjend sak at det skeive miljøet er ein del av fiendebiletet til ekstreme islamistar. Når politiet no seier at det ligg føre ein uavklart og ekstraordinær trusselsituasjon knytt til dette i landet vårt, må vi ta det på det største alvor. Det er uendeleg trist at politiet meiner situasjonen er så alvorleg at dei tilrår at alle planlagde pride-arrangement i Noreg blir utsette, seier Solberg.

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter