Nyheter

– Eg er forfattar, men eg klarer ikkje å finna ord

TERROR: Wesam Almadani klemmer folk og seier alt skal bli bra. Hen er ikkje sikker på det er sant.

Wesam Almadani står i Grønland kyrkje med tårer i augo. Rundt står folk med tomme blikk, dei klemmer kvarandre og snakkar dempa. I bakgrunnen står væpna politifolk.

– Eg er forfattar, men eg klarer ikkje å finna ord.

Det palestinske forfattaren veit ikkje kva hen skal seia for å trøysta dei som er redde etter at terroren igjen har råka Oslo.

Pride 2022. Pride-tog og markeringer i etter terrorangrepet i Oslo sentrum 25. juni 2022.

– Når eg ser folk som er knust og som gret, då tenker eg: Kva slags morgon er det som venter på dei? Når eg klemmer folk og seier alt skal blir bra, er eg usikker. Blir det egentlig bra?

– Kyrkja er eit trygt rom

Laurdag føremiddag i Gønland kyrkje: Folk samlast til morgonbøn og frukost etter masseskytinga i Oslo utanfor ein pub populær blant skeive.

– Me er glade me kan halda ope. Det er i slike tilfelle at det er viktig at kyrkja er open, seier Marte Sie Skogstad i Vårt Land. Ho er frivillig i Grønland kyrkje og diakon i Bærum.

Pride 2022. Pride-tog og markeringer i etter terrorangrepet i Oslo sentrum 25. juni 2022.

Ho hadde gleda seg til å endeleg gå i Pride-tog igjen, etter år med pandemi. Årets markering var ekstra viktig sidan det er 50 år sidan Noreg avkriminaliserte sex mellom menn.

I staden har Skogstad teke i mot menneske i sorg og sjokk.

– Det er sterkt. Eg har grått mange tårer og fått mange klemmer. Så kjenner eg at dette er eit trygt rom å vera sårbar i. Dette er ein trygg plass for folk å koma, uansett kva dei trur på.

– Skeive flyktningar er sårbare

På eit bord ligg det fargerike lappar som folk kan skriva ei bøn på. Ute leikar barn.

Når Wesam Almadani møter Vårt Land, har hen akkurat fått nyheita om at gjerningsmannen skal vera av utanlandsk opphav.

Pride 2022. Pride-tog og markeringer i etter terrorangrepet i Oslo sentrum 25. juni 2022.

I løpet av dagen kom det fram at den sikta heiter Zaniar Matapour, er 42 år og er norsk statsborgar med iransk bakgrunn.

Wesam Almadani har skrive bok om lesbiske kvinner i Midtausten og er styremedlem i Skeiv Verden. Hen er bekymra for korleis skeive med minoritetsbakgrunn opplever denne situasjonen.

– Eg er usikker korleis skeive med flyktningbakgrunn blir møtt på gata av nordmenn.

Hen legg vekt på at mange skeive flyktningar har opplevd krig og er ekstra sårbare.

– No føler dei på det hatet dei har rømt frå.

Pride 2022. Pride-tog og markeringer i etter terrorangrepet i Oslo sentrum 25. juni 2022.

Wesam er født i Sudan og har budd i Egypt og på Gaza. Hen er kome til Noreg som fribyforfattar, ei ordning som gjev ei trygg hamn til forfulgte forfattarar.

«Kor er du no, Ropstad?»

– Hugs at det blir mykje rasisme etter dette. Me må stå i solidaritet med minoritetane!

Orda blir ropt inn i ein megafon over parken nær Grønland kyrkje. Sjølv om den offisielle Pride-paraden er avlyst, vil mange marsjera likevel.

Spontant pride-tog etter terrorangrepet i Oslo sentrum 25. juni.

Eit hundretals menneske er samla i parken. Mange gret, stemninga er dempa.

Folk gjer seg klare til å gå den lange vegen til puben der masseskytinga skjedde. Frå folkemengda kjem ein person med eit rop:

– Kor er du no, Ropstad?

---

Masseskytinga

  • Natt til laurdag 25. juni blei det løsna skot ved utestadane Per på hjørnet og London pub i Oslo sentrum.
  • To personar døde, ti er alvorleg skadde, og 11 er lettare skadde.
  • 42 år gamle Zaniar Matapour er sikta for drap, drapsforsøk og terrorhandlingar etter skytinga. Han er norsk statsborgar med iransk bakgrunn og er kjent for politiet og PST frå før.
  • PST vurderer masseskytinga som ei ekstrem islamistisk terrorhandling.
  • Pride-paraden i Oslo laurdag blei avlyst som følgje av skytinga.

Kjelde: NTB

---

Toget veks i styrke

Så set menneskemengda seg i bevegelse. I dag skulle dei vore samla i fest, i parade med lastebilar med dundrande musikk og dansande menneske. I staden startar det nesten som ein sørgemarsj.

Men toget veks. Frå sidegater kjem det stadig nye mennesker til. Medan folk går, ropar dei taktfast:

We’re here, we’re queer, we won’t disappear.

Fleire held oppe roser. Kampropa blir høgare gjennom Oslo sine gater. Til slutt er det fleire tusen i toget.

På plassen ved London Pub veks blomsterhavet.

Pride 2022. Pride-tog og markeringer i etter terrorangrepet i Oslo sentrum 25. juni 2022.


Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Erlend Berge

Erlend Berge

Erlend Berge er fotojournalist i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter