– Eg er forfattar, men eg klarer ikkje å finna ord
TERROR: Wesam Almadani klemmer folk og seier alt skal bli bra. Hen er ikkje sikker på det er sant.
FRYKT: Forfattar Wesam Almadani er uroa for korleis skeive med minoritetsbakgrunn opplever terroren i Oslo. – No føler dei på det hatet dei har rømt frå, seier hen.
Erlend Berge
Wesam Almadani står i Grønland kyrkje med tårer i augo. Rundt står folk med tomme blikk, dei klemmer kvarandre og snakkar dempa. I bakgrunnen står væpna politifolk.
– Eg er forfattar, men eg klarer ikkje å finna ord.
Det palestinske forfattaren veit ikkje kva hen skal seia for å trøysta dei som er redde etter at terroren igjen har råka Oslo.
Bestill abonnement her
KJØP