Nyheter

Drep og kidnappar kristne

NIGERIA: Kyrkjer blir storma, kyrkjegjengarar blir kidnappa og drepne. – Når det skjer overgrep, har staten ansvar for å stilla dei ansvarlege for retten. Regjeringa i Nigeria sviktar, seier professor Mariz Tadros.

Væpna menn frå ein kriminell bande bortførte 36 menneske då dei angreip fleire landsbyar og to kyrkjer nordvest i Nigeria sundag, opplyser lokale styresmakter.

Den lokale tryggingssjefen Samuel Aruwan seier til nyheitsbyrået AFP at dei 36 vart bortførte søndag av menn som storma baptistkyrkja Maranatha og den katolske kyrkja St. Blir mosa. Dei ligg i landsbyen Rubu i delstaten Kaduna.

Kidnappingane kjem to veker etter at tungt væpna menn storma St. Francis-kyrkja i byen Owo sørvest i Nigeria under gudstenesta første pinsedag, skaut i alle retningar og utløyste eksplosiv.

Dødstalet enda på 100. Mange av dei døde var barn og gravide kvinner.

– Angrepet på kyrkjas fødselsdag var makabert. Det er eitt av mange retta mot kristne. Jihad-terroristar frå Boko Haram, IS og fulanimilitsar godtek ikkje kristen vekst. Nigeria treng hjelp, og vi treng religiøs fred, seier den katolske presten Obiora Ike til Stefanus.no.

Førdømer drapa

Jihadistgrupper har gått til angrep på ei rekkje kyrkjer i det nordlege Nigeria, der fleirtalet av befolkninga er muslimar, medan det kristne sørvest hadde fram til no styrt unna den dødelege valden, melder NTB.

– Våre hjarta er tynga av sorg. Folkefiendar angrip freden vår, skreiv delstatens guvernør Rotimi Akeredolu på Twitter. President Muhammadu Buhari fordømde drapa, og Vatikanet sa at pave Frans ber for ofra.

Refsar regjeringar

Mariz Tadros er ein av verdas fremste ekspertar på forholdet mellom religion og utvikling. Ho har bakgrunn frå det koptiske Egypt og er professor ved University of Sussex i Storbritannia. Ho er kritisk til korleis omverda reagerer på drap og kidnappingar i Nigeria.

Til Stefanus.no seier Tadroz at vestlege regjeringar snur ryggen til når regjeringa i Nigeria sviktar eigne innbyggjarar. Sist ut var utanriksdepartementet i USA som før jul fjerna Nigeria frå «verstinglista» over land med alvorlege brot på trusfridommen.

– For å vera ærleg: Dersom ei slik liste ikkje er konsistent verken i kva land som vert tekne med eller kva vilkår som gjeld for å hamna på lista, er det betre å droppa lista.

Intervjuet med Stefanus.no blei gjort før dei siste to hendingane i Nigeria.

Professoren seier at valdelege aktørar som angrip sårbare i Nigeria, slepp unna med det:

– Alle har, uansett bakgrunn, krav på å leva utan frykt for kidnapping eller vald. Når det skjer overgrep, har staten ansvar for å stilla dei ansvarlege for retten. Regjeringa i Nigeria sviktar på begge punkt. USA er blitt medansvarleg. Ved å fjerna Nigeria frå lista, sa USA at det Nigeria gjer er OK.

DØDE

Rammar også muslimar

Afrikas mest folkerike nasjon er i hovudsak delt i to når det kjem til religion:

Islam dominerer i nord, kristendommen i sør.

I nord er den islamistiske terrorrørsle Boko Haram og utbrytargruppa IS Vest Afrika ansvarlege for drap og kidnappingar.

Også muslimske borgarar blir ramma. Når islamistiske militsar angrip muslimske kvinner frå same stamme, er det ikkje på grunn av etnisitet, men fordi kvinnene ikkje følgjer den ytterleggåande ideologien. Fleire muslimske kvinner som arbeider for Raudekrossen og andre, er halshogne fordi kvinnene ikkje var kledde slik Boko Haram krev. Unge muslimar blir tvinga til å bli soldatar, forklarar Tadros til Stefanus.no.

Alle har, uansett bakgrunn, krav på å leva utan frykt for kidnapping eller vald

—  Mariz Tadros, professor ved University of Sussex i Storbritannia

Brenner kyrkjer

I sentrale Nigeria bur muslimar og kristne side om side. Her har det lenge vore konflikt mellom fastbuande bønder og gjetarfolket fulani. Dei fastbuande er ofte kristne, medan gjetarfolket hovudsakleg er muslimar.

Konflikten mellom gruppene er blitt meir valdeleg dei seinare åra. Pastorar blir kidnappa og kyrkjer brende.

---

Nigeria

  • 215.000.000 innbyggjarar
  • Religion: Islam, kristendom, lokale religionar
  • Statsoverhovud: Muhammadu Buhari (stats- og regjeringssjef)

---

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter