Russisk agent skal ha prøvd å infiltrere Den internasjonale straffedomstolen

Etterretninga i Nederland seier at dei i april avslørte eit russisk forsøk på å infiltrere Den internasjonale straffedomstolen (ICC) i Haag.

Den internasjonale straffedomstolen i Haag, Nederland.
KAN STRAFFE: Aktor ved den internasjonale straffedomstolen i Haag, Karim Khan, har sagt at domstolen følger med på Russlands invasjon av Ukraina og har hjemler til å straffeforfølge krigsforbrytelser og forbrytelser mot menneskeheten.
Publisert Sist oppdatert

Russaren skal ha jobba for etterretningsbyrået til det russiske militæret (GRU). Ifølgje den nederlandske etterretningstenesta AIVD brukte han eit falskt brasiliansk pass i eit forsøk på å få ei praktikantstilling ved domstolen.

Den 36 år gamle mannen vart ifølgje AIVD avslørt og arrestert på Schiphol lufthamn i Amsterdam. Deretter vart han send tilbake til Brasil med første fly.

Hendinga skjedde i april, men blir først avslørt no.

Viss russaren hadde greidd å infiltrere ICC, kunne domstolen lidd stor skade, meiner AIVD.

Registrerer krigsbrotsverk

I slutten av mai kunngjorde Ukrainas riksadvokat Iryna Venediktova på ein pressekonferanse i Haag at Ukraina så langt hadde registrert nærare 15.000 tilfelle av mistenkte krigsbrotsverk.

Under Venediktovas besøk i Haag vart det også kunngjort at tre nye land har slutta seg til ei internasjonal gransking av krigsbrotsverk i Ukraina: Estland, Latvia og Slovakia sluttar seg til aktorar frå Litauen, Polen og Den internasjonale straffedomstolen (ICC).

– Viktig dag

– I dag er ein svært viktig dag, sa ICC-aktor Karim Khan på ein pressekonferanse med Venediktova.

Han la til at han håpar ICC no kan etablere eit feltkontor i Kyiv. Venediktova seier ho håpar Ukraina kan handtere 95 prosent av sakene sjølv, men at ICC kan ta seg av dei større og vanskelegare sakene.

I april besøkte Khan Ukraina og byen Butsja, der mange sivilie skal ha blitt drepne.

– Ukraina er ein åstad for brotsverk. Vi er her fordi vi har grunn til å tru at det er gjort brotsverk som fell innanfor jurisdiksjonen til denne domstolen, sa Khan.

– Vi må slå oss gjennom tåka krigen legg, for å få fram sanninga, sa han.