Mehl ber EU-landa akseptere at nordmenn reiser med utgåtte pass
REISE: Passkaoset gjer at justisminister Emilie Enger Mehl no ber EU-landa akseptere at nordmenn reiser med utgått pass.

Emilie Enger Mehl (Sp) deltek fredag på EUs innanriksministermøte i Luxembourg, og seier ho vil snakke med representantar frå ulike land for å prøve å få det til, skriv TV 2.
Ho har tidlegare sendt brev til alle Schengen-landa, USA og fleire land der ho ber om dette.
Annonse
– Det er for tidleg å seie om dette blir ei moglegheit. Vi har fått nokre tilbakemeldingar om at dette er noko ein må sjå nærare på. Vi har i tillegg til Schengen sendt til Storbritannia, Canada og USA, for å undersøkje moglegheitene, seier ho.
Det er for tida lang ventetid for å få time til å få nytt pass. Samtidig har passprodusenten Thales store leveringsproblem.