WHO: Klimaendringane påverkar psykisk helse negativt
Klimaendringane utgjer ein alvorleg risiko for folks psykiske helse og velvære, konkluderer Verdshelseorganisasjonen (WHO).
Organisasjonen oppmodar derfor land til å inkludere støtte til psykisk helsehjelp i tiltaka sine mot klimakrisa i eit nytt politisk program.
Funna om at klimaendringane går utover den psykiske helsa til folk stemmer overeins med den seinaste rapporten frå FNs klimapanel (IPCC).
Der stod det at raske forverringar i klimaendringane utgjer ein aukande trussel mot psykisk helse og psykososialt velvære. Det kan slå ut mellom anna som kjenslemessig uro, angst, depresjon, sorg eller sjølvmordstankar.
Ein del av kvardagen
– Konsekvensane av klimaendringane blir i aukande grad ein del av kvardagen vår, og det er svært lita psykisk helsehjelp tilgjengeleg for menneske og lokalsamfunn som handterer klimarelaterte farar og langsiktig risiko, seier Dr. Maria Neira i WHO.
Dei psykiske konsekvensane av klimaendringane vil slå ulikt ut avhengig av faktorar som sosioøkonomisk status, kjønn og alder. Men det er likevel klart at klimaendringane påverkar mange av dei faktorane som allereie fører til psykiske helseplager hos folk over heile verda, skriv WHO.
Ei undersøking organisasjonen gjorde i 2021 viste at berre 9 av 95 land så langt har inkludert psykisk helse i klimatiltaka sine.
Manglar tilgang på hjelp
– Konsekvensen av klimaendringar forsterkar den allereie ekstremt utfordrande situasjonen for psykisk helse og psykiske helsetenester over heile verda. Nesten éin milliard menneske lever med psykiske lidingar, men i låg- og mellominntektsland har tre firedelar ikkje tilgang til nødvendige tenester, seier Dévora Kestel i WHO.
– Ved å auke satsinga på psykisk helse i beredskapsplanane og klimatiltaka sine, kan land sørgje for betre vern for dei som er mest utsette, slår ho fast.
Gode døme
I det politiske programmet oppmodar WHO til fem praktiske tilnærmingar for å handtere dei psykiske konsekvensane av klimaendringane, mellom anna å integrere klimaomsyn i tiltaka sine for psykisk helse – og å integrere psykisk helse i tiltaka sine for klimaet.
WHO trekkjer fram døme frå land som allereie har gjennomført slike tiltak. På Filippinane vart tilbodet om psykisk helsehjelp bygd opp att og forbetra etter verknadene av tyfonen Haiyan i 2013.
I India har eit nasjonalt prosjekt styrkt risikoreduksjonen, samtidig som byane blir førebudde til å handle raskt ved klimarisiko og ta for seg psykisk helse og psykososiale behov der det trengst.