– Det er større fare for at atomvåpen blir brukt. At ein då vel å kutte støtta til organisasjonar som jobbar med nedrusting er veldig skremmande, seier koordinator Tuva Krogh Widskjold i ICAN Noreg til NRK.
I Hurdalsplattforma slo regjeringa fast at dei ville auke Noregs innsats for kjernefysisk nedrusting, ta initiativ til å fokusere på dei humanitære konsekvensane av atomvåpen og arbeide saman med land i og utanfor Nato for ei verd utan atomvåpen.
I 2021 fekk ICAN Noreg tildelt 892.500 kroner. Norske legar mot atomvåpen (NLA) fekk 1.278.750 kroner. I 2022 får ICAN Noreg 100.000 kroner. NLA får 400.000.
– Kuttet fører til at ICAN må leggje ned i Noreg. Vi er heilt avhengig av støtte for å halde fram arbeidet. Her vel regjeringa å ikkje gi støtte til ein fredsprisvinnar, når deira arbeid er meir aktuelt enn nokon gong, seier Widskjold.
Ifølgje Utanriksdepartementet (UD) er årsaka til den lågare støtta at konkurransen er større.
– At ICAN er tidlegare fredsprisvinnar er ikkje sjølvstendig grunn til å innvilge støtte, seier statssekretær Eivind Vad Petersson i UD.
UD meiner det at ICAN er avhengig av støtte frå norske styresmakter, ikkje er grunn nok til at dei skal få alle pengane dei har søkt om. Petersson fortel at regjeringa planlegg å gi støtte til i alt åtte organisasjonar som arbeider for nedrusting, ikkje-spreiing og kjernefysisk tryggleik. Totalt er støtta på 9,3 millionar kroner, der 3,5 millionar blir gitt til fem organisasjonar som driv aktivitet i Noreg.
(©NPK)