EU, Storbritannia og USA: Russland utførte dataangrep rett før invasjonen starta

EU, Storbritannia og USA skuldar Russland for å ha stått bak eit dataangrep som ramma EU-land ein time før invasjonen av Ukraina starta.

Publisert Sist oppdatert

EUs utanrikssjef Josep Borrell seier i ei fråsegn at angrepet skjedde éin time før Russland invaderte Ukraina, og at angrepet la til rette for den militære aggresjonen.

– Dette uakseptable dataangrepet er endå eit døme på den uansvarlege cyber-oppførselen til Russland, som også utgjorde ein integrert del av den ulovlege og urettelege invasjonen landet er i gang med av Ukraina, heiter det i uttalen.

Ei fråsegn frå det britiske utanriksdepartementet seier at Russland sidan starten på invasjonen har stått bak ei rekkje dataangrep, i tillegg til angrepet 24. februar då invasjonen starta.

Dataangrepet retta seg då mot Viasat, eit amerikansk kommunikasjonsbyrå med verksemd i Ukraina, og hadde ein større innverknad over heile det sentrale Europa.

– Sjølv om hovudmålet truleg var det ukrainske militæret, vart andre kundar ramma, inkludert privatpersonar og bedrifter. Vindparkar vart også ramma, heiter det.

(©NPK)