Nyheter

Lars Inge Staveland er ny nyheitsredaktør i Vårt Land

NYHEITSREDAKTØR: – Draumekandidaten, seier sjefredaktør Bjørn Kristoffer Bore om den nye nyheitsredaktøren.

Lars Inge Staveland er tilsett som ny nyheitsredaktør i Vårt Land. Staveland er i dag leiar for politisk avdeling i Aftenposten. Han følgjer etter nyheitsredaktør Veslemøy Østrem, som skal bli sjefredaktør i Altinget.

– Staveland er draumekandidaten. Han er ein svært respektert og dyktig nyheitsleiar og journalist. Han kjenner nedslagsfeltet til Vårt Land godt. Staveland har god teft for nyheiter, og vil styrkje Vårt Lands dekning av samfunnsliv og politikk ytterlegare, seier Vårt Lands sjefredaktør og administrerande direktør Bjørn Kristoffer Bore.

Staveland har hatt ei rekkje leiarjobbar i Aftenposten. Han har også bakgrunn frå Dagbladet, Nettavisen, ABC Nyheter, og Haugesunds avis.

– Eg er svært takknemleg for alt eg har fått vore med på i Aftenposten, og tilliten eg har fått. Det blir vemodig å forlate avisa, og spesielt gjengen på politisk som eg har jobba med kvar dag. Men når eg no fekk moglegheit til å vere nyheitsredaktør i Vårt Land, kjende eg at tidspunktet var rett.

Som nyheitsredaktør skal Staveland styre Vårt Lands avdeling for allmenne nyheiter, politikk og utanriks, og publiseringsavdelinga.

– Vårt Land er inne i ein kraftig digital vekstfase, og har nyleg lansert ein eigen tv-kanal. No girar vi også opp nyheitsdekninga, og er svært nøgd med å ha fått ein kapasitet som Lars Inge Staveland med i redaktørgruppa, seier Bore.

– Eg synest Vårt Land er ei svært spennande nyheitsavis. Avisa har ei klar retning i journalistikken, med særpreg og vekt på eigensaker. Eg ser fram til å vere med på utviklinga vidare, seier Staveland.

Veslemøy Østrem har sin siste dag som nyheitsredaktør i Vårt Land 6. mai. Nyheitsleiar Kjell Kvamme blir fungerande nyheitsredaktør fram til Staveland tiltrer etter sommarferien.

Nyheitsredaktør jobbar tett med politisk redaktør Berit Aalborg, som har ansvar for kommentar- og meiningsstoffet i Vårt Land. Det er inga endring i hennar portefølje. Nyheitsredaktør har ansvar for den politiske nyheitsjournalistikken.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter