Nyheter

Nordmenn flest held seg heime i påska

PÅSKE: 54 prosent av befolkninga blir heime i eigen bustad størstedelen av påska, ifølgje ei undersøking Røde Kors står bak. Mange fryktar større einsemd i ferien.

Medan nordmenn i desse dagar strøymer frå byane og til fjellet, gjeld ikkje det for dei fleste, ifølgje ei spørjeundersøking Opinion har gjennomført for Røde Kors.

– Vi er framleis i beredskap i by og bygd og har mannskap i låglandet som er klare til å rykkje ut om det trengst. Når mange er heime i påska, oppmodar vi til å bruke nærområdet – ein treng ikkje reise langt for å få gode, kortreiste friluftsopplevingar, seier Nils Vidar Hopland i Røde Kors Hjelpekorps.

Medan 54 prosent held seg heime i ferien, fryktar 13 prosent at dei skal bli meir einsame i påska. Til saman 20 prosent oppgir at dei kjenner på større einsemd i ferietid enn til kvardags.

– Høgtider og ferietid med mange dagar borte frå normalkvardagen kan vere krevjande. Heldigvis er det mykje vi som enkeltmenneske kan gjere for kvarandre. Bank på døra hos naboen din, ring bestemor som sit åleine, eller sei hei til ein kompis du ikkje har sett på ei stund, oppmodar Pernille Lemming, som er leiar for landsrådet for Røde Kors Omsorg.

(©NPK)

Les mer om mer disse temaene:

NTB Nyheter

NTB nyheter

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter