Nyheter

SMK etter Enoksen: – Kan vere nødvendig å stille endå meir detaljerte spørsmål

Statsministerens kontor erkjenner at det kan vere nødvendig å stille endå meir detaljerte spørsmål i bakgrunnssamtalane med potensielle statsrådar.

Erkjenninga kjem etter at Odd Roger Enoksen (Sp) gjekk av som forsvarsminister som følgje av ein tidlegare seksuell relasjon til ei ung kvinne. Denne relasjonen kom ifølgje SMK og statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) ikkje fram i bakgrunnssamtalane med Enoksen. Støre har slått fast at han ville gjort ei anna vurdering dersom historia hadde komme fram tidlegare.

– Det kan vere nødvendig å stille endå meir detaljerte spørsmål, seier stabssjef Kristine Kallset (Ap) ved SMK, som måndag var gjest i NRKs Politisk kvarter.

Ho seier bakgrunnssjekkane hos SMK i dag er tillitsbaserte.

– Det er ein samtale som er tillitsbasert. Vi er avhengige av at dei det gjeld legg alle tema på bordet, seier Kallset.

Ho vil ikkje gå i detalj på samtalen ho hadde med Enoksen hausten 2021, men seier ho ville gått til statsministeren dersom ho hadde fått vite den typen informasjon som seinare har komme fram om forsvarsministeren.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter