Finland trappar ned og avsluttar togfrakta til Russland
Varetransporten med tog til og frå Russland vil gradvis bli trappa ned og avslutta, opplyser det statlege finske togselskapet VR.

Styret i togselskapet seier likevel at prosessen vil ta fleire månader, og viser til at forsyningstryggleiken må varetakast. Den finske europaministeren, Tytti Tuppurainen, som har bede om at jernbanefrakta blir stansa, ønskjer avgjerda velkommen.
I slutten av mars stansa VR både person- og godstrafikken til Russland, i kjølvatnet av Russlands invasjon av Ukraina. Godstoga fekk likevel gå igjen etter nokre dagar, då det vart klart at sanksjonane mot Russland ikkje omfatta denne trafikken.