Nyheter

Fersk Vårt Land-måling: Fleire er usikre på EU-medlemskap

MEDLEMSKAP: EU samlar seg i kampen mot Russlands invasjon, og ein av fire nordmenn vil ha Norge inn i unionen. Men mange sitt på «veit ikkje-gjerdet», viser Vårt Lands EU-måling.

I år er det 60 år sidan Norge søkte om forhandlingar om medlemskap i EUs forløpar, EEC. Som kjent sa folket nei i 1973.

Målinga Norstat har gjort for Vårt Land viser at det er eit stykkje fram for dei som vil ha Norge inn i Den europeiske unionen.

1.000 nordmenn har fått spørsmålet «ønskjer du at Norge skal bli medlem av EU?».

  • 26 prosent svarar «ja».
  • 53 prosent svarar «nei».
  • 21 prosent svarar «veit ikkje».

To konklusjonar

– Motstanden mot EU stikk djupt i Norge, slik har det vore over lang tid, så sjølv om EU no samlar seg og står fram som forsvarar av demokratiet i Europa, endrar det ikkje nei-standpunktet, seier historieprofessor Lise Rye.

Som forskar ved NTNU arbeider ho særleg med Norges forhold til EU.

Rye forklarar at ordskifta om EU i Norge raskt blir grovhogde der to konklusjonar blir ståande:

Ja-sida vil inn i EU for å sikre økonomien, medan nei-sida vil stå utanfor EU for å sikre Norges demokrati.

Fleire har hoppa opp på gjerdet

Når ein samanliknar Vårt Lands EU-måling – gjort i mars, tre veker ut i krigen i Ukraina – med tilsvarande EU-måling gjort i desember for Klassekampen og Nationen, viser ho veljarvandringar:

34,1 prosent sa då ja til norsk medlemskap i EU, 54,1 sa nei og 11,8 svarte «veit ikkje».

På tre månader, frå eit pandemi-nedstengt Norge til eit krigsherja Europa, er det blitt færre EU-skråsikre og fleire på EU-gjerdet. Nei-sida ligg stabilt på godt over 50 prosent.

Sjølv om Europa har krig på kontinentet, styrkjer ikkje det ja-sida, seier Rye.

– For mange nordmenn er Nato-medlemskapet det som sikrar oss tryggingspolitisk, og ikkje eit eventuelt EU-medlemskap.

Gardermoen 20220402. 
Partileder Erna Solberg under høyres landsmøte på Thon Hotel Gardermoen lørdag.
Foto: Terje Pedersen / NTB

Solberg: No blir EU viktig

Høgres landsmøte gjorde i helga eit EU-vedtak: Partiet meiner at norsk EU-medlemskap no er blitt viktigare enn nokon gong, og vil ta ei leiande rolle i ein ny norsk EU-debatt.

Professor Rye meiner det er på høg tid at Norge drøftar EU.

– Ein ny EU-debatt er etterspurt og vil vere viktig for Norge. Han må handle om det breie og kompakte forholdet Norge har til EU, ikkje berre koke ned til eit ja eller nei til medlemskap.

Høgre sin attvalde leiar, Erna Solberg, er samd. For etter ein årelang koronapandemi og no ein krig i Europa, vil det vere viktig å snakke meir om tryggleiken EU gjev, meiner ho.

– Under pandemien var EU viktig for samordning. Og no blir mykje av forsyningstryggleiken bygd opp i EU. Då må me anten ha nok ein - eller nok ein tilgang – og arbeide hardt for å få lov til å vere med, seier Solberg til Vårt Land.

Fleirtal for EU i eitt parti

Vårt Lands EU-måling viser at:

  • Dei mest EU-positive veljarane røystar på Venstre: 60 prosent seier ja.
  • Mellom veljarane til dei åtte øvrige stortingspartia er det ikkje fleirtal for Unionen.
  • På plassane bak kjem Høgre og MDG, med ja-prosentar på høvesvis 39 og 28.
  • Senterpartiets veljarar er absolutt mest negative til EU: 91 prosent.
  • På plassane bak kjem Raudt og Frp, med nei-prosentar på høvesvis 71 og 69.
  • Dei med lågast utdanning og husstandsinntekt er mest negative til EU; over 50 prosent i begge grupper.
  • Dei med høgast utdanning og husstandsinntekt er mest positive til Unionen, ingen av gruppene er over 50 prosent.
  • Dei mest EU-positive regionane er Agder, Telemark og Vestfold samt Oslo, i begge regionar seier 31 prosent ja til EU. EU-motstanden er sterkast i Nord-Norge, 73 prosent seier nei.


Ap-topp med EU-ja

regjeringen.no skriv Utanriksdepartementet at «hovedlinjene i norsk utenrikspolitikk ligger fast, herunder sterk oppslutning om FN og folkeretten, medlemskapet i Nato, EØS-avtalen og at Norge ikke er medlem av EU».

Altså; EU-medlemskapet er ei ikkje-sak i Støre-regjeringa, akkurat som i Solberg-regjeringa.

Medan Marit Arnstad, parlamentarisk leiar i Senterpartiet, rykte ut i Nationen og la EU-saka død, etterlyste Aftenpostens nye spaltist, Raymond Johansen, byrådsleiar i Oslo og sentralstyremedlem i Ap, eit nytt, nasjonalt ordskifte om norsk medlemskap:

«EU og europeiske land er snart den eneste troverdige garantisten for det liberale demokratiet på vår side av kloden. Dagens EU tar en avgjørende rolle i å løse mange av vår tids største utfordringer. Jeg er derfor uenig med dem som mener tiden ikke er moden for en debatt om norsk tilknytning til Europa.»

Johansen dreg fram pandemien og krigen:

«Under pandemien så vi fordelene ved å vere med i EUs helseberedskap. Vi hadde aldri klart å vaksinere oss ut av pandemien så raskt som vi gjorde, uten avtale med og tilgang på vaksiner produsert i EU.

I håndteringen av krigen i Ukraina har EU gått fra å vere en sikkerhetspolitisk papirtiger til en global tungvekter.»

---

Den europeiske union

  • Den europeiske union, EU, har 27 medlemsland. Dagen namn kom i 1993, tidlegare namn er EF og EEC.
  • Det europeiske samarbeidet starta i 1952 med ein kol- og stålunion.
  • Siste land inn i EU var Kroatia i 2013, i 2020 gjekk Storbritannia ut.
  • Norge er knytt til EU gjennom EØS-avtalen frå 1995.

---

Sju land på venteliste

Der Norge nølar, brukte tre land krigen i Ukraina som påskot for å søkje medlemskap i EU. Ukraina, Georgia og Moldova søkte då Russland invaderte nabolandet. EU-kommisjonen skal vurdere søknadane.

Frå før står sju land på EUs venteliste.

Albania, Nord-Makedonia, Montenegro og Serbia er offisielle kandidatar saman med Tyrkia. Bosnia-Hercegovina og Kosovo er «potensielle kandidatar».

Vegen fram mot EU-medlemskap kan bli både lang og kronglete. Prosessen kan også stoppe heilt opp, noko Tyrkia opplever etter å ha blitt eit såkalla kandidatland så langt tilbake som i 1999.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Per Anders Hoel

Per Anders Hoel

Per Anders Hoel har vært politisk journalist i Vårt Land siden 1990. Har også vært redaksjonssjef og administrativ redaktør i avisen. Har du tips om saker, send mail til per.anders.hoel@vl.no.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter