Nyheter

Ber Noreg stansa våpeneksport til VM-arrangør

VÅPEN: Qatar var den nest største kunden av norsk våpenindustri i 2021. Changemaker kallar det «fullstendig uakseptabelt» at Noreg sel «våpen til groteske diktatur».

I helga vart Naja Amanda Lynge Møretrø gjenvald som leiar i Changemaker, ungdomsorganisasjonen til Kirkens Nødhjelp.

Då tok ho eit oppgjer med Noregs eksport av våpen til VM-arrangøren Qatar:

– Det er fullstendig uakseptabelt at Noreg sel våpen til groteske diktatur. Changemaker krev at dette våpensalet stoppar umiddelbart, seier Naja Amanda Lynge Møretrø i ei pressemelding.

Rekordeksport til Qatar

Norsk våpeneksport til Qatar har eksplodert siste året, viser tal Statistisk sentralbyrå la fram i mars i år.

I fjor selde Noreg våpen til Qatar for 648 millionar kroner. Det gjer Qatar til landet som har mottatt nest mest våpen frå Noreg for 2021. Qatar var også det einaste landet i Midtausten som tok imot norske våpen.

Frå 21. november til 18. desember i år blir Fotball-VM halde i Qatar. Brot på menneskerettar og behandling av dei mange gjestearbeidarane, gjer at vertsrolla til Qatar er blitt kritisert.

Den britiske avisa The Guardian har vist at 6.500 gjestearbeidarar har døydd i Qatar sidan landet i 2010 vart tildelt fotball-VM i 2022, fram til 2019.

e

Sist veke gjekk Noregs fotballpresident Lise Klaveness på talarstolen under Fifa-kongressen i Qatar. Der kom ho med sterk kritikk av tildelinga av VM til Qatar, som ho sa skjedde på «ein uakseptabel måte».

Naja Amanda Lynge Møretrø i Changemaker seier at det «har vore mykje berettiga kritikk av landets grove brot på menneskerettane».

– Det er bra at Noreg har vore med på kritisera dette. Derfor er det paradoksalt at Noreg samstundes sel masse våpen til Qatar, seier Møretrø.

Gulfstatane hamstrar våpen

Qatar er ikkje det einaste landet i Midtausten som kjøper inn mykje våpen, fortel Cecilie Hellestveit, jurist og samfunnsvitar ved Folkerettsinstituttet.

Noreg kan truga med stans i våpeneksport, og slik legga press på Qatar for brota på menneskerettar

—  Cecilie Hellestveit, jurist og folkerettsekspert

– Det er ein generell trend at Gulfstatane væpnar seg til tenna. Sidan amerikanarane starta militær uttrekking frå Midtausten rundt 2013, ser desse statane at dei no må beskytta seg sjølve.

Gulfstatane er dei seks landa Bahrain, Saudi-Arabia, Oman, Kuwait, Qatar og Dei sameinte arabiske emirata.

Det at Qatar er det einaste landet i Midtausten som tok imot norske våpen i fjor, forklarar Hellestveit med norsk våpenpolitikk.

Cecilie Hellestveit

Stortinget gjorde i 1959 eit vedtak om at Noreg ikkje skal selja våpen og ammunisjon til område i krig, eller der krig trugar, eller til land i borgarkrig. I tillegg er Noreg også forplikta av FNs våpenhandeltraktat.

– Qatar har ikkje lenger like tung deltaking i konfliktar som dei andre Gulfstatane. I 2017 vart Qatar pressa ut av koalisjonen som fører krig i Jemen, seier Hellestveit.

Norske våpen kan hamna på avvegar

Cecilie Hellestveit har skrive bok om krigen i Jemen, som ifølgje FN har kravd rundt 377.000 menneskeliv. Her har ein koalisjon leia av Saudi-Arabia vore tungt involvert.

Sjølv om Qatar ikkje lenger er involvert i krigen i Jemen, peiker Cecilie Hellestveit på andre stadar norske våpen kan hamna på avvegar.

– Qatar deltek med våpenstøtte til krigar der det også er grupper på terrorlister. Eit døme er Libya, der Qatar saman med Tyrkia støtter Tripoli. Det kan altså vera ei problemstilling at norske våpen kan bli seld eller gjevne vidare frå Qatar til ytterleggåande grupper.

Kan truga med stans av våpeneksport

Når det gjeld situasjonen rundt menneskerettar i Qatar, seier Hellestveit at den neppe er nok til å stansa norsk våpeneksport etter gjeldande regelverk.

Ho viser til at den største uroa rundt menneskerettar, gjeld ytringsfridom og behandlinga av kvinner, seksuelle minoritetar og framandarbeidarar. Dette er ikkje knytt til bruk av våpen.

– Det er likevel mogleg for Noreg å bruka våpeneksporten politisk. Noreg kan truga med stans i våpeneksport, og slik legga press på Qatar for brota på menneskerettane.

Les mer om mer disse temaene:

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter