Ukraina: Gatekampar i Mariupol
Styresmaktene i Ukraina melder om gatekampar i den omleira byen Mariupol, der det framleis skal vere 100.000 sivile.

Dei siste dagane har det komme meldingar om nokre tusen som har klart å komme seg ut av byen. Men framleis står det att å evakuere 100.000, sa Ukrainas visestatsminister Iryna Veresjtsjuk i eit TV-intervju laurdag.
Ho sa at sivile som vil ut av byen, må køyre i private bilar, ifølgje nyheitsbyrået Reuters. Russiske styrkar slepper etter seiande ikkje bussar gjennom kontrollpostane.
Annonse
Mairupols ordførar Vadym Bojtsjenko seier det går føre seg gatekampar i sentrum av byen. Før Russlands invasjon hadde den 400.000 innbyggjarar. No er gatebiletet prega av utbomba bygningar og omfattande øydeleggingar.