Nyheter

Våpenkvile i svoltramma Tigray

Etiopia seier dei innfører våpenkvile for å få inn naudhjelp til Tigray, der fleire millionar er ramma av matmangel. Også opprørarane vil leggje ned våpena.

Sidan krigen braut ut i det nordlege Etiopia i november 2020, har tusenvis av menneske døydd, og mange fleire er tvinga på flukt etter kvart som konflikten spreidde seg frå Tigray til regionane Afar og Amhara.

I kunngjeringa frå regjeringa torsdag heiter det at alt skal gjerast for å sikre at humanitære forsyningar kjem inn i dei ramma områda.

Den væpna rørsla TPLF – Tigray-folkets frigjeringsfront – seier fredag at dei sluttar opp om våpenkvila.

Ber om raske leveransar

I ei fråsegn sendt til nyheitsbyrået AFP seier TPLF at dei er villige til å innføre våpenkvile omgåande. Samtidig ber dei regjeringa i Etiopia om å raskt få inn naudhjelp.

Vestlege land, som lenge har pressa på for ei våpenkvile, er positive til at partane no legg ned våpena inntil vidare.

Då krigen byrja, hadde TPLF regjeringsmakta i regionen Tigray. Statsminister og fredsprisvinnar Abiy Ahmed sende styrkar til området for å fjerne TPLF frå regions-leiinga.

Abiys offensiv var etter seiande eit svar på angrep på leirar tilhøyrande regjeringsstyrkane.

400.000 flyktningar

Krigen har utløyst ei humanitær krise, og begge partar blir skulda for grove brot på menneskerettane. Over 400.000 menneske er interne flyktningar, og FN sa i januar at nesten 40 prosent av befolkninga i Tigray lir av ekstrem matmangel.

Årsaka var blokaden som i praksis er innført rundt den krigsherja regionen, ifølgje FNs matvareprogram (WFP).

– Det har aldri vore distribuert mindre mat i Tigray, og lagera av mat og drivstoff er no nesten heilt tømde, åtvara FNs naudhjelpskontor OCHA.

Samtidig med krigen og matmangelen i Tigray er andre delar av Etiopia ramma av alvorleg tørke.

Fakta:

* Tigray-folkets frigjeringsfront (TPLF) kom til makta i Etiopia då den dåverande militærjuntaen og diktatoren Mengistu Haile Mariam vart styrta i 1991.

* TPLF og tigrayane, som utgjer 6–7 prosent av Etiopias befolkning, tok full kontroll over dei militære styrkane i landet og etterretningsvesen, noko dei hadde heilt fram til Abiy Ahmed vart statsminister i 2018.

* Året etter fekk Abiy Nobels fredspris for innsatsen sin for å løyse ein mangeårig konflikt med nabolandet Eritrea.

* Abiy, som tilhøyrer oromofolket, den største folkegruppa i Etiopia, skulda TPLF for omfattande korrupsjon og overgrep og skifta ut ei rekkje sivile og militære leiarar.

* Etter dette styrte TPLFs leiarar Tigray som ein stat i staten. I september 2020 trassa dei Abiys forbod mot å halde val i regionen.

* I byrjinga av november 2020 tok soldatar frå TPLF kontroll over den store militærbasen til regjeringsstyrkane utanfor Mekele. Der sikra dei seg òg store mengder våpen, inkludert rakettar.

* Få dagar seinare beordra Abiy ein stor militæroffensiv mot Tigray-regionen. Det er ikkje kjent kor mange som vart drepne i offensiven, som enda med at regjeringsstyrkar tok kontroll over regionshovudstaden Mekele i desember 2020.

* Det kom ei rekkje meldingar og rapportar om massakrar og massevaldtekter frå området. Fleire TPLF-leiarar vart likviderte i tida etter.

* I fjor sommar tok TPLF tilbake Mekele. Kampane har sidan spreidd seg til naboregionane Afar og Amhara.

* FN åtvarar om at fleire millionar menneske i Tigray er ramma av ekstrem matmangel. Abiys regjering blir skulda for å hindre leveransar av naudhjelp til regionen.


Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter