Sjå bileta: Halvparten av barna er på flukt

BARN AV KRIGEN: Over fire millionar barn i Ukraina er drivne på flukt. Nye blir fødde i bomberegn.

En barn blir hjulpet i sikkerhet av en politimann under et russisk angrep mot utkanten av Kyiv tidligere i måneden. Foto: AP / NTB
TRYGGLEIK: Ein politimann hjelper eit barn over gata og i tryggleik under eit russisk åtak på Kyiv.
Publisert Sist oppdatert

Veker med krig i Europa.

Veker med død, lemlesting og fordriving.

Veker med opprivne heimar.

Ein månad med krig i Ukraina har ført til at 4,3 millionar barn er drivne på flukt. Det er over halvparten av dei om lag 7,5 millionar barna i landet, opplyser Unicef.

1,8 millionar ukrainske born har flykta ut av landet, til Polen, Ungarn, Slovakia, Romania og Moldova. 2,5 millionar barn er internt fordriven.

barn
SURROGATI: Barnepleiarar steller 19 nyfødde i eit bomberom i Kyiv. Para som skal hente barna som er fødde av surrogatmødrer kjem seg ikkje inn i Ukraina.
barn
FLUKT: Eit barn i ei barnevogn blir løfta fram av folk på flukt frå byen Irpin i Ukraina.

Barn og mødrer flyktar

Ifølgje FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) har krigen drive over kvar fjerde ukrainar, over ti millionar, på flukt. Over 3,5 millionar har flykta til andre land, medan 6,5 millionar er på flukt inne i Ukraina, fortel NTB.

Ukrainske styresmakter forbyr menn i alderen 18 til 60 år å forlate landet. Dei fleste som har søkt vern i andre land, er difor kvinner, born og gamle.

jente
GLEDE: Ei jente gjer grimasar på bussen som tek henne og familien frå Ukraina til Romania.
barn
HJELP: Ein ukrainsk soldat ber eit barn over ei bomba bru ved byen Irpin.

Krigen drep barn

135 barn i Ukraina har døydd som følgje av den russiske invasjonen, seier ukrainske styresmakter fredag.

– Fram til morgonen 25. mars er 135 barn døde på grunn av russisk aggresjon. 184 barn er såra, seier det ukrainske statsadvokatkontoret i ei oppdatering som nasjonalforsamlinga i landet har kringkasta på Twitter. Opplysninga er så langt ikkje uavhengig stadfesta.

Då sjukehuset i Mariopul blei bomba, prøvde ein lege å redde livet til ei jente. Samstundes såg han rett inn i kameraet til fotografen frå nyhendebyrået AP som var på sjukehuset:

– Vis dette til Putin!

Jenta døydde.

amme
MAT: Ei ukrainsk mor ammar barnet i eit kvilerom på togstasjonen i byen Przemysl i Polen.
kyiv
NYFØDDE: Ei mor held den nyfødde i armane på eit improvisert sjukehus i Ukrainas hovudstad Kyiv.

Babyar treng mat

Russlands invasjon knuser sivil infrastruktur i Ukraina. Mange byer er omringa av russiske styrkar og i ferd med å gå tomme for mat.

Over 450.000 barn i alderen 6 til 23 månader treng matvarehjelp, melder Unicef.

våpen
VÅPEN: Eit barn har med seg eit heimelega leikevåpen i køen inn i Romania, ved Siret.
mor
SJUK: Ei ukrainsk bestemor klemmer barnebarnet på 22 månader. Jenta har leukemi og får no behandling på sjukehus i byen Bocheniec i Polen.

Bombar skular

Skular er blitt mål for russiske styrkar, fortel Redd Barna. For byområde over heile Ukraina blir bomba. Minst 464 skular har fått skader og 60 ligg i ruinar.

– Skular skal vere trygge område for barn, ikkje stader der frykt, skader og død rår, seier Pete Walsh, landsdirektør for Redd Barna i Ukraina.

polen
UTLAND: I flyktningkøen inn til byen Medyka i Polen er det mange barn.

Får utbrot av sjukdommar

Russiske bomber råkar også sjukehus og klinikkar. Verdshelseorganisasjonen (WHO) opplyser at minst 43 sjukehus er øydelagde. Vaksineringa av småbarn stoppar snart opp.

Dette kan raskt føre til utbrot av sjukdommar som ein kan hindre med vaksine, særleg i overfolka område der mange søkjer vern frå krigen, slår Unicef fast.

død
DØD: Serafim (3) tek avskil med hæroffiseren Anton Sydorov i ei gravferd i Kyiv.