Nyheter

– Telenor kan sette folk sine liv i fare

MILITÆRJUNTA: Telenor stadfester at fleire år med kundedata er med i salet i Myanmar. Kirkens Nødhjelp fryktar at det kan setta folk sine liv i fare.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

– Alle mobiloperatørar i Myanmar er pålagd ved lov å lagra kundedata i fleire år. Når me no sel verksemda i Myanmar, så er det derfor med dei kundedataa me har, opplyser Gry Rohde Nordhus, kommunikasjonsdirektør i Telenor Group, i ein e-post til Vårt Land.

Dermed stadfestar Telenor at kundedata frå fleire år er med i salet til den libanesiske investeringsgruppa M1.

Fredag vart det klart at styresmaktene i Myanmar godkjenner salet av Telenor Myanmar.

– Det er dessverre slik at kampen om kundanes sikkerheit blei tapt den dagen militæret tok makta, seier Nordhus i Telenor.

Brukardata til 18 millionar menneske

– Folk i Myanmar er no livredde for kva som konsekvensane bli. Dersom sensitive persondata er seld vidare, kan Telenor sette folk sine liv i fare.

Det seier Lisa Sivertsen, leiar for politikk og kommunikasjon i Kirkens Nødhjelp. Organisasjonen har 25 tilsette og nesten 30 lokale partnarar i Myanmar.

I ei pressemelding opplyser Telenor at libanesiske M1 kjem til å selja 80 prosent av aksjane vidare til den lokale partnaren Shwe Byain Phyu. Dette er eit selskap som er skulda for å ha tette band til militærjuntaen.

Kirkens Nødhjelp fryktar at salet kan gjera at brukardata til 18 millionar menneske kan hamna i hendene på militærjuntaen.

– Persondata viser kor folk har vore, og kven dei har snakka med. Aktivistar fryktar no at dette kan bli misbrukt av militærjuntaen, seier Siversen.

Lisa Sivertsen er avdelingsleder for kommunikasjon og politikk i Kirkens Nødhjelp, og tidligere leder for politikk og samfunn i Care. Her fra en pressekonferanse om flyktningkrisen i 2015.

«Den mest krevende situasjonen i Telenors historie»

Gry Rodhe Nordhus i Telenor Group er har fått kritikken frå Kirkens Nødhjelp.

Ho svarer på ein e-post at omsynet til dei tilsette har vege tungt:

«For oss som lever fredelig og trygt i Norge er det vanskelig å forstå situasjonen i Myanmar etter at militæret tok makten med krigslignende handlinger i gatene og et samfunn i oppløsning uten utsikter til forbedring. I en slik situasjon har vi i praksis ikke hatt noe valg på hvordan vi skulle forlate Myanmar. Det militære regimet er svært tydelige på hvilke krav de stiller. Av hensyn til sikkerheten til våre ansatte har vi valgt å ikke trosse dem.»

Ho skriv vidare at det ikkje er lett for Telenor å selja seg ut i Myanmar.

«Å forlate Myanmar var en avgjørelse vi tok med tungt hjerte og dette er uten sidestykke den mest krevende situasjonen i Telenors historie – selv om utfordringene for de som lever i Myanmar er uendelig mye større.»

Melde Telenor til politiet

I februar melde Forum for utvikling og miljø (Forum) Telenor til politiet i Noreg. Dei bad politiet og Riksadvokaten etterforska om Telenors handlingar i Myanmar er i strid med straffelovens kapittel 16.

Forum er ein paraplyorganisasjon for rundt 50 norske utviklings- og fredsorganisasjonar.

Dagleg leiar i Forum, Kathrine Sund-Henriksen, opplyser at dei ikkje har høyrt noko frå politiet.

Ho peiker på at salet betyr at overvakingsteknologi kan takast i bruk i mobilnettet Telenor har installert i Myanmar.

– Det kan potensielt gje fryktelege konsekvensar for myanmarske menneskerettsaktivistar. Me meiner at den norske regjeringa har eit stort ansvar her og må koma på banen, seier Sund-Henriksen.

Venstres Ola Elvestuen har varsla til NTB at salet kjem til å få etterspel i Stortinget.

---

Myanmar og Telenor

  • Tidlegare kjend under namnet Burma.
  • Generalane tok makta i eit kupp 1962. Demokratiske val i 2015 og 2020, Aung San Suu Kyi sitt parti NLD vann begge.
  • 1. februar 2021 tok hæren på nytt makta i eit kupp, de facto statsminister Aung San Suu Kyi blei sett i husarrest, og er seinare blitt dømd til fengsel for blant anna brot på koronareglar.
  • Telenor etablerte seg i Myanmar i 2014. Telenor Myanmar vart raskt ein av landets største mobiloperatørar.

---

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er journalist i Vårt Lands nyhetsavdeling

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter