Høgre held landsmøte 2. til 3. april. Her stiller fem av elleve fylkeslag seg bak ulike formuleringar som støttar kjernekraft i Noreg.
Det viser ein gjennomgang Vårt Land har gjort av resolusjonsforslaga i forkant av landsmøtet.
Dei ulike fylkeslaga har ulike vedtak og formuleringar:
- Vestfold og Telemark Høgre vil ha med Høgre på «å ta diskusjonen» om behovet for kjernekraft.
- Innlandet Høgre vil greia ut kjernekraft og at Noreg skal bidra aktivt med forsking på kjernekraft.
- Rogaland Høgre vil greia ut kjernekraft.
- Troms og Finnmark Høgre vil at regjeringa skal greia ut kor ein kan bygga kjernekraftverk, og at Noregs forskingsråd skal få meir støtte til å stimulera til forsking på kjernekraft.
- Trøndelag Høgre har ikkje konkrete vedtak, men skriv at «FNs klimapanel slår fast at kjernekraft må være en del av løsningen på klimautfordringene. Alt ligger til rette for utbygging av kjernekraft i Norge».
Viser til invasjonen av Ukraina
– Me må ta debatten om kjernekraft. Det kjem stadig ny teknologi innan kjernekraft og Noreg og Europa har behov for stabil energi, eller såkalla balansekraft. Kjernekraft kan gje slik energi, ikkje minst til norsk industri.
Det seier Mahmoud Farahmand, stortingsrepresentant frå Vestfold og Telemark.
Fylkeslaget hans vil altså ha med Høgre på «å ta diskusjonen» om kjernekraft. Farahmand viser til at Europa har eit stadig større behov for energi.
– Det ser me no under invasjonen av Ukraina. Spørsmålet er kva Noreg kan bidra med, utover gass.
– Kunne du vore komfortabel med å ha eit atomkraftverk i Vestfold og Telemark?
– Eg har ingen store betenkelegheiter med det. Me kan ikkje skyva all energiutbygging over på alle andre. Ønsker me meir energiproduksjon, er me avhengige av å tola nokre inngrep.
[ Ber om orsaking for hjartelaust eksperiment med 22 barn ]
– Mangel på energi vil også bidra til konfliktar
Mahmoud Farahmand viser til heimfylket Telemark, som har førekomstar av thorium. Thorium er eit lettare radioaktivt grunnstoff som kan brukast som brensel i atomreaktorar.
– Thorium ligg meir fram i tid, men me må vera med på den utviklinga. Telemark har thorium tilgjengeleg, som me kan kapitalisere på.
– For to veker sidan brann det ved eit atomkraftverk i Ukraina. Viser ikkje det kor sårbart kjernekraft er?
– Eg såg at ekspertar kommenterte at desse anlegga i Ukraina toler store påkjenningar. Det må sjølvsagt gode sikkerheitstiltak til, men eg er i utgangspunktet ikkje så bekymra. Mangel på energi vil også bidra til konfliktar.
Møter motbør i fraksjon på Stortinget
Høgre sin energi- og miljøfraksjon på Stortinget er ikkje like positive til norsk kjernekraft. I resolusjonsforslaget peiker fraksjonen på at Noreg har vasskraft som leverer stabil kraft.
«Det foreligger i dag ikke teknologi for kjernekraft som er lønnsomt og raskt å bygge ut, eller som på annen måte kan konkurrere med vann- og vindkraft, der Norge har et komparativt fortrinn.»
Energi- og miljøfraksjonen konkluderer med:
«Kjernekraft er en viktig del av energiforsyningen i mange europeiske land, men er ikke en løsning for det norske kraftsystemet.»
Tina Bru var skeptisk i 2020
Også i 2020 tok lokale Høgre-stemmer til orde for kjernekraft. Fylkeslaga i Rogaland og Vestland ville greie ut kjernekraftutbygging, medan Trøndelag Høgre ville trappa opp forskinga på kjernekraft.
Den gong møtte dei motbør frå dåverande olje- og energiminister Tina Bru.
Ho sa til Stavanger Aftenblad at bygging av kjernekraft vart grundig behandla i Stortinget på 1970-talet utan å få støtte. «Etter min mening har dette bildet ikke endret seg vesentlig», sa Bru.
Bru er 2. nestleiar i Høgre.
---
Atomkraft
- Et atomkraftverk er et kraftverk som fremstiller elektrisk energi ved hjelp av kjernekraft.
- Det finnes forskjellige typer atomkraftverk, men alle bruker samme kraftkilde; spalting av atomer.
- Atomkraftverk er kontroversielle fordi det radioaktive avfallet må lagres i svært lang tid. I tillegg vil konsekvensene ved en ulykke være store dersom ulykken fører til betydelig utslipp.
- 30 land har i dag atomkraftverk. Flest reaktorer har USA, Frankrike, Japan og Russland.
- Tyskland har tre kjernereaktorer i drift, men har besluttet å fase ut samtlige innen 2022.
Kilde: NTB
---