Ber om meir pengar, styrkt samarbeid og rask produksjon av politiattestar

KRIG I UKRAINA: Norges frivillige er klare til flyktningdugnad, men har tre krav til regjeringa: Pengestøtte, kommunal koordinering og rask produksjon av politiattestar.

møte
INNSPELSMØTE: Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) - nummer fire frå venstre - samla torsdag frivillige organisasjonar til innspelsmøte om korleis Norge skal ta i mot ukrainske flyktningar.
Publisert Sist oppdatert

– Kom, så stiller me opp her.

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) samlar dei utsende rundt seg. Innspelsmøtet er over. Fotografen frå kommunikasjonsavdelinga skal dokumentere frammøtet.

I ein time torsdag morgon fortel store og små nasjonale organisasjonar kva dei kan hjelpe til med når tusental ukrainske flyktningar skal finne nytt fotfeste i ein kommune - og kva organisasjonane gjer allereie.

Torsdag melde Utlendingsdirektoratet at vel 2.600 ukrainarar har søkt asyl i Norge sidan 25. februar. I tillegg er det fleire som ikkje har registrert seg.

Spørsmål utan svar

– Me har ein alvorleg situasjon, seier statsråd Persen når møtet opnar.

Ho peikar på at det er mange spørsmål:

  • Kor lenge vil krigen i Ukraina vare?
  • Når kjem flyktningane til Norge?
  • Kor mange kan det bli tale om?

– Dei som kjem til Norge, må få komme i gang med liva sine her.

Persen seier at sjølv om mange ukrainarar vonar at opphaldet i Norge blir kort, må Norge bu seg på at fleire kan bli her lenge.

MØTE
ENGASJEMENT: Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen (Ap) i samtale med Dagfinn A. Mork frå Ukrainsk forening Øst-Norge. Ida Marie Holmin, assisterande generalsekretær i Frivillig Norge, til venstre.

Mange blei, andre reiste

Sist Norge gav flyktninggrupper kollektiv, mellombels vern, var i 1999 og 1993: 7.000 Kosovo-flyktningar kom sommaren 1999 og 13.000 bosniarar i 1993.

Planen var at begge grupper skulle reise heim etter kort tid. Men fordi krigen i Bosnia-Herzegovinia drog ut i tid, blei dei fleste bosniarane i Norge. Storparten av Kosovo-flyktningane reiste heim allereie hausten 1999.

Hjelpande hender

Rundt bordet i møterommet i Arbeids- og inkluderingsdepartementet - og på videoskjerm på eigne kontor – sit representantar frå Ukrainsk forening Øst-Norge, Raudekrossen, Folkehjelpa, Redd Barna, Sanitetskvinnene, Frivillig Norge, Idrettsforbundet, Norges Frivillighetssentraler, LNU, SOS barnebyer, Nasjonalforeningen, Kirkens Bymisjon, Musikkrådet, Caritas, Flyktninghjelpen, Turistforeningen og Ungdom og fritid.

Viljen til å stille opp og ta vel i mot kvinner og barn som finn vegen til Norge, er sterk. Det skal ikkje stå på hjelpande hender, lovar organisasjonane.

Åtvarar mot konkurranse

Departementets byråkratar noterer flittig medan innspelsrunden går rundt bordet. To statssekretærar nikkar støttande til forslag og ønskjer som blir lagt fram.

Tre saker utkrystalliserer seg:

  • Fleire organisasjonar treng pengar for å kunne yte det dei ønskjer å tilby flyktningane: altså auka støtte frå staten.
  • Kommune-Norge må koordinere alle tenestetilbydarane slik at tilbod ikkje blir dobla eller tredobla: altså at nokre organisasjonar blir utkonkurrerte.
  • Politiet må raskt produsere store mengder politiattestar; alle frivillige som no skal arbeid med barn og unge treng politiattest. Fleire organisasjonar har tidlegare opplevd at politiattestkontoret har strevd med lange køar.

Flyktningar som kjem til Norge må få ein trygg og god stad å bu, og oppleve at liva deira ikkje blir sette på vent.

Marte Mjøs Persen (Ap), arbeids- og inkluderingsminister

Så møte med kommunane

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen takkar for eit godt møte og lovar å ta fleire av innspela med seg til ettermiddagsmøtet torsdag: Vekemøtet med alle landets kommunar.

Torsdagens møte er det første. På desse møta skal stat og kommune løyse utfordringane som ventar når det kjem til busetjing og integrering.

– Flyktningar som kjem til Norge må få ein trygg og god stad å bu, og oppleve at liva deira ikkje blir sette på vent, seier Persen.

Krisepengar kjem

Fredag morgon legg Ap-Sp-regjeringa fram ei omfattande krisepakke for å handtere følgjene av Ukraina-krigen.

I krisepakka er der tiltak som skal hjelpe kommunane med akkurat det.