Nyheter

Tar avstand frå KrF-politikars innlegg om Ukraina: – Ikkje KrFs politikk

REAGERAR: KrF-topp i Trøndelag meiner Ukraina skaper blodbad for å skaffa sympati. Partileiar Olaug Bollestad tar avstand frå innlegget, men vil ikkje gå inn for eksklusjon.

Det var i eit innlegg på si eiga Facebook-side 8. mars at andre nestleiar i Trøndelag KrF, Daniel Myhren Hovind, kom med sin analyse av krigen i Ukraina.

No tar partileiar Olaug Bollestad avstand frå innlegget.

– Mi tydelege melding er at dette ikkje er KrFs politikk. Vi er krystallklare i vårt syn: Vi fordømmer Putins angrep på Ukraina, seier Bollestad til Vårt Land.

– Vi er vitne til grusomme scener nå, mange er drepne og enda fleire er på flukt. Og det er Putin åleine som har ansvaret.

– Trist

Også KrFU-leiar Hadle Bjuland reagerar kraftig på Hovinds innlegg.

– Først og fremst vil eg ta avstand frå utsegnene. Dette er ikkje KrF-politikk. Eg synest det er trist å sjå kvar Hovind har landa i desse spørsmåla, seier Bjuland til Vårt Land.

Han understrekar at KrF var tidleg ute med å fordømme Russlands invasjon, og har tatt til orde for å gi humanitær bistand, ta imot flyktninger og at Norge skal dele våpen med Ukraina.

– Vi må støtte Ukraina og ikke fremje konspirasjonsteoriar om korleis ukrainarane opptrer i denne krigen, seier Bjuland.

Meiner Russland er pressa

Daniel Myhren Hovind

I innlegget skriv Hovind at «Russland er presset i et hjørne», og omtalar Ukraina som «et vestlig marionetteregime». Han er kritisk til at landet deler ut våpen til folket som han omtalar slik:

«Ukraina sin utdeling av våpen har lite militær nytteverdi og er nok en strategi for å skape et blodbad for å skaffe sympati.»

Han avsluttar med: «Jeg er trist over at vi i Norge skal prøve å hjelpe til med blodbadet med å sende våpen.»

Vårt Land har vore i kontakt med Daniel Myhren Hovind. Han ønskjer ikkje å kommentera saka no.

Vil ikkje be om eksklusjon

På spørsmål om det er aktuelt å åpne eksklusjonssak, viser partileiar Bollestad til at Hovind er valt inn på fylkesnivå.

– Eg har stor tillit til at fylkeslaget klarar å handsame dette. Fylkesleiaren i Trøndelag har vært klar og tydeleg på kva som er KrFs politikk her.

KrFU-leiar Bjuland meiner heller ikkje at eksklusjon er vegen å gå.

– Vi har ikkje praksis i KrF for ekskludering, og terskelen skal være høg for å gå inn i ein slik debatt. Men eg håpar at vi slepp å få mange slike utsegner, og at partileinga ikkje godtek det i rolla som KrF-politikar, seier Bjuland.

Hadle Rasmus Bjuland. KrFU.


Trekker parallellar til Nazi-Tyskland

Også på Twitter har Hovind kommentert krigen, mellom anna ved å trekka parallellar mellom Ukraina og Nazi-Tyskland.

5. mars delte han ein avisartikkel på Twitter om at Ukraina rekrutterer utanlandske frivillige til hæren. Sjølv skriv han at «Ukraina ser ut til å kopiere Rhodesia sin løsning med utenlandske soldater og tyskere med sin volkssturm.»

Rhodesia er det tidlegare namnet på Zimbabwe, frå tida då landet var styrt av eit kvitt mindretal.

Volkssturm var ein tysk milits som vart oppretta mot slutten av andre verdskrig. Styrken stod utanfor den regulære forsvarsmakta og var underlagt SS-sjefen Heinrich Himmler.

Bjuland synest at Hovinds teori om at ukrainarane har lagt «en strategi for å skape et blodbad for å skaffe sympati», høyrest søkt ut. Samanlikninga med Nazi-Tysklands volkssturm er også veldig spesiell, meiner han.

– Det har ikkje rot i røyda. Det er kun éin person som er skuld i denne krigen, og det er Putin. Eg trur at dei fleste som les seg opp på dette, vil sjå at Ukraina ikkje har ønskt å hamne i denne situasjonen. Vi ser at president Zelenskyj og ukrainarane kjempar med nebb og klør, seier Bjuland.

Får støtte frå Olufsen-Mehus

Hovind vart nyleg gjenvald som andre nestleiar i Trøndelag KrF og er første vara til KrFs kommunestyregruppe i Melhus. Innlegget vart først omtala av Adresseavisen.

Fylkesleiar i Trøndelag KrF, Geirmund Lykke, kommenterer på Facebook-innlegget med at han synest det er «påfallende og urovekkende» at Hovind vurderer krigen ut frå Putins narrativ. Han har ein klar beskjed til KrF-kollega Daniel Myhren Hovind:

«Du må avklare ditt syn på Ukrainas rett til å gjøre sine egne valg.»

Samstundes haustar Hovind støtte. Den kontroversielle fylkesleiaren i Troms og Finnmark, Truls Olufsen-Mehus, rosar Hovind for å ha gjort ein «grundig analyse» og sett seg godt inn i «denne sakens sider og historikk».

Vårt Land spør partileiar Bollestad om ho er bekymra for at støtta frå andre lokalpolitikare kan hefte ved partiet.

– Alle parti har enkeltpersonar som har fravikande syn på ting. Eg er heilt overtydd om at det breie laget av KrF-arar fordømmer Putins krig, seier Bollestad.

Trur Ukraina plasserer militære styrkar nær sårbare mål

Til Adresseavisen seier Hovind at han «prøver å forstå hvorfor krig virket mest fornuftig for Russland, slik at vi kan unngå lignende situasjoner i framtida».

Han trur at krigen kunne vore unngått, dersom Ukraina ikkje hadde vore så ivrige på å søka vestleg samarbeid, som med Nato og EU. Når Adresseavisen spør om han meiner Ukraina må skulde seg sjølve for invasjonen, svarer han:

– Eg kan ikkje gjere anna enn å oppfatte at dei vala som er tatt, har leia fram til situasjonen vi har i dag.

Hovind får òg spørsmål om kva side han står på i krigen, men vel å ikkje svara.

– Det viktigaste for meg er at vi endar opp med ei god løysing for alle partar, seier han til Adresseavisen.

Maria Lavik

Maria Lavik

Maria Lavik er nyhetsjournalist i Vårt Land. Hun skriver ofte om klima, landbruk, distrikt, abort, politikk, økonomi og ulikhet. I tillegg har hun skrevet flere reportasjer med tidsvitner til Norges nære historie. Hun har over 20 års erfaring som journalist, master i økonomisk historie og har skrevet en bok om barnefattigdom.

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter