Nyheter

Største flyktningkrisa i Europa sidan andre verdskrig: – Polen er på brestepunktet

POLEN: På litt over to veker har 1,8 millionar ukrainarar komme til Polen. Det er nesten dobbelt så mange som kom til Europa over Middelhavet gjennom heile flyktningkriseåret 2015.

Alexander Golding

– Polske styresmakter har gjort ein fantastisk jobb, men no klarar dei snart ikkje meir. Dei er på brestepunktet.

Det seier administrasjonsleiar Alexander Golding i Caritas i Noreg. Den katolske hjelpeorganisasjonen og deira nettverk er sterkt til stades i Polen og i dei andre nabolanda til Ukraina.

Polen har så langt måtte bere ein svært stor del av den veldige straumen av flyktningar etter at den russiske invasjonen starta 24. februar.

Meir enn 1,8 millionar har ifølgje FNs høgkommisær for flyktningar (UNHCR) søkt mellombels tilflukt der. Det utgjer meir enn fem prosent av folketalet i landet. Om Noreg skulle teke imot like mange i høve til folketalet, vil det til samanlikning utgjere rundt 250.000 menneske, eller om lag heile befolkninga i Bergen.

Framleis flyktar meir enn 100.000 frå Ukraina kvart døgn, melder UNHCR.

Kartet viser kor dei om lag 2,9 millionar flyktningane frå krigen i Ukraina er registrert til og med 15. mars. Talet for Noreg er registrerte asylsøkjarar hos UDI.

Polen ber om hjelp

Sjølv om det polske mottaket av dei som kjem over grensa frå Ukraina er velorganisert etter tilhøva, så skildrar Golding situasjonen for flyktningane i Polen som uoversiktleg.

Dei fleste søkjer seg mot byane Warszawa og Krakow, som fungerer som knutepunkt for transport vidare ut i Europa. Ordføraren i den polske hovudstaden, Rafal Trzaskowski, seier til det polske nyhendebyrået PAP at Warszawa no husar 230.000 flyktningar, og at 320.000 har passert gjennom byen.

I eit intervju med BBC kjem han også med eit sterk oppmoding til EU og FN om å snarast mogleg lage eit langt meir organisert system for omplassering av dei ukrainske flyktningane.

Han kallar situasjonen i Europa no for det verste flyktningkrisa sidan andre verdskrig, og samanliknar dagens situasjon med flyktningkrisa i 2015:

– Den gongen kom det 300.000 over Middelhavet i månaden. Warszawa har no teke imot like mange på to veker, seier han til BBC.

Ifølgje Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) kom det til saman ein million flyktningar over Middelhavet til Europa i løpet av heile kriseåret 2015.

Frykt for menneskehandel

Til knutepunktbyar som Warszawa kjem private, idealistiske aktørar for å hente flyktningar til heimlanda sine – også frå Noreg. Men dit kjem også useriøse aktørar som ønskjer å utnytte sårbare menneske i ein vanskeleg situasjon, forklarar Golding. Det er ikkje så lett å skilje dei gode frå dei vonde.

– Frykta er den enorme risikoen for at det skjer menneskehandel. Det er ei stor fare for at menneske blir utnytta på forferdelege måtar, seier Golding.

Sjølv i dei tilfella der det er idealistiske aktørar som står for transporten, kan det få problematiske konsekvensar for mange flyktningar at denne transporten no skjer nesten utelukkande etter private initiativ, utan eit overordna rammeverk på nasjonalt eller europeisk nivå, meiner han.

– Folk på flukt forstår ikkje nødvendigvis konsekvensen av kva dei gjer når dei seier ja til å bli med, til dømes ein buss til Noreg.

Manglar alt

Becky Bakr Abdulla i Flyktinghjelpen

Becky Bakr Abdulla, rådgjevar i Flyktinghjelpen, har sjølv nettopp vore ved den ukrainske grensa i Polen, og ho kallar situasjonen i landet ekstrem.

– Det er stort sett kvinner og barn, som har reist med det vesle dei har rukke å få med seg. Mange har teke avgjersla om å flykte i løpet av nokre få timar, og har brukt eitt til to døgn på å komme seg over grensa.

Ho fortel at mange er blitt fråstolne dei få ting dei har hatt med seg, inkludert pengar og identifikasjonspapir. Medan dei første flyktningane som kryssa grensa gjerne var meir ressurssterke, er mange av dei som kjem til Polen no i ein meir håplaus situasjon, forklarar ho.

– Dei manglar husly, klede, mat – alt.

Liliia from Ternopil in Ukraine carries her eight-month-old son Paul in her arms as she waits at the registration office for refugees inn Hamburg, Germany, Monday, March 14, 2022. Germany's Interior Ministry said Monday that it has so far registered 146,998 refugees from Ukraine coming to the country, but the real number may differ if people didn't register or moved on to another country. (Marcus Brandt/dpa via AP)

Står i stampe

Medan engasjementet blant både enkeltpersonar, bedrifter og kommunar har vore enormt, opplever Alexander Golding i Caritas at det på nasjonalt nivå har stått litt i stampe, både i Noreg og i andre land.

– Det er fint at justisminister Emilie Enger Mehl har opna å vurdere ei luftbru for å hente flyktningar til Noreg, men det viktige spørsmålet er kor mange vi vil hente til Noreg. Er det snakk om å hente eit fåtal utvalde flyktningar frå Polen, som vi skal bruke ei veke på plukke ut, eller skal vi ta i så det monar, spør han.

Han reknar med at EU kjem til å lage ein fordelingsnøkkel for kor mange flyktningar kvart land i Europa skal ta i mot, og trur også det kan gå raskare og enklare enn i førre flyktningkrise, då straumen i hovudsak kom frå Syria.

– Det sit framleis svært mange syriske, afghanske og afrikanske migrantar på mellombelse mottak i Hellas, Italia og Spania som ikkje blir fordelte til andre land i Europa. Kan det påverke fordelinga av ukrainske flyktningar?

– Det er ikkje utenkjeleg at det kan bli ein situasjon. Og middelhavslanda har kanskje eit poeng i at viljen til å ta imot deira flyktningar har vore veldig låg. Men eg håpar at denne situasjonen ikkje skal gå ut over folk i naud, seier Golding.

– Og samstundes trur eg også denne krisa har lukkast med å gjere det som Angela Merkel prøvde på i 15 år – nemleg å samle Europa. Eg trur styresmaktene i Europa vil ha stor grad av solidaritet med ukrainarane.

Åtvarar mot private initiativ

Dei mange private initiativa for å hente flyktningar frå Polen og andre naboland vitnar om ei sterk rettferdskjensle i befolkninga, meiner Golding. Samstundes åtvarar han om at det er stor risiko ved å ta slike initiativ, om ein ikkje er sikre på kva ein held på med.

– Det er ikkje berre å plukke opp nokon i Polen og plassere dei i baksetet på ein Opel Corsa, seier han.

Han understrekar at flyktningane er traumatiserte og sårbare, og at dei må møtast med respekt. Mange har behov for hjelp frå helsepersonell eller andre profesjonelle aktørar som har erfaring med å møte traumatiserte menneske. Den som ønskjer å hente menneske på flukt må også gjere ei skikkeleg risikovurdering, seier Golding.

– I verste fall kan ein uforvarande ende opp med å gjere seg skuldig i menneskesmugling, seier han.

Ein kan til dømes sjå føre seg at ei 17 år gammal jente som har krangla med mor si, går om bord på ein buss i Polen aleine, og hamnar i ein vanskeleg posisjon når ho kjem fram, forklarar Golding.

Han vil verken oppmode til, eller råde frå å hente flyktningar, men oppmodar dei som gjer det til å vere forsiktige.

Becky Bakr Abdulla i Flyktinghjelpen er einig og oppmodar til heller å hjelpe på andre måtar:

– Det er utruleg rørande at enkeltpersonar og bedrifter er så motiverte til å gjere ein innsats. Men å henta flyktningar sjølv er verken trygt eller effektivt. Gje heller pengar til organisasjonar som du stolar på. Å hjelpe flyktningar er noko vi har lang erfaring med, seier ho.

Oslo 20220306. 
Flyktninger fra Ukraina kom søndag kveld til mottaket på Scandic Helsfyr, etter at de ble hentet med buss på grensen mellom Ukraina og Polen. 
Foto: Terje Pedersen / NTB

Les mer om mer disse temaene:

Hans Andreas Starheim

Hans Andreas Starheim

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter