Nyheter

Ber om orsaking for hjartelaust eksperiment med 22 barn

NORDEN: 22 grønlandske barn skulle lærast opp i Danmark til å bli eliteborgarar på Grønland. Eksperimentet feila grovt. Nordiske land tek oppgjer med handsaminga av urfolk.

Dei kalla det eit eksperiment. Og det var svært hemmeleg.

Inuittbarn frå Grønland skulle reise til sivilisasjonen i Danmark, bli fordanska gjennom utdanning og levekår, for så å bli sendt tilbake til folket dei kom frå, for å bli rollemodellar for Grønlands urfolk.

Dei skulle bli ein dansksnakkande, sivilisert «fortropp for utviklinga i Grønland».

På oppdrag frå danske styresmakter valde Danmarks utsende til verdas største øy, prestar og lærarar, ut fattige, sunne, flinke og foreldrelause barn i Grønland.

Men dei lærde fann ikkje mange nok som var utan både mor og far, så berre seks av dei 22 var reelt foreldrelause.

Dei utvalde blei sendt til vertsfamiliar i Danmark, med hjelp frå Redd Barna og Raudekrossen. Barna, frå fire til ni år gamle, skulle fordanskast. Men dei visste det ikkje sjølve.

Dei skulle miste språket, kulturen, levesettet; alt som gjorde dei til inuittar. Men dei blei heller ikkje danske.

Sendt tilbake i løynd

Tanken bak eksperimentet var hjelp; hjelp ut av fattigdom og mangel på framtid.

Etter nokre år i Danmark blei seks adopterte bort til danske par, utan at familiane på Grønland fekk vite det. Dei andre enda på barneheim, i Grønland. For dei hadde mista det vesle av familie dei hadde.

På barneheimen fekk dei ikkje ha grønlandske vener. Dei blei oppmoda til å leike med barna til den danske overklassa som budde i Nuuk, eller Godthåp, som byen heitte då.

Familiar som spurde etter nytt om barnet, fekk vite at alt var bra med guten eller jenta.

Berre seks lever i dag

Tre blei buande på Grønland, resten flytta for andre gong til Danmark.

Eksperimentet i 1951 fekk katastrofale følgjer. Kring halvparten av barneflokken på 22 vaks opp til eit liv i misbruk og gjekk til grunne eller døde alt for unge.

Dei sleit med psykisk vanhelse, rotløyse og heimløyse. Dei sleit med djupe sosiale og menneskeleg problem

Berre seks lever i dag. Vel halvparten av dei 22 døydde før fylte 70.

bok

Statsministrar nekta

Først i 1998 blei historia til dei 22 kjent, i Grønland, i Danmark.

Fram frå Riksarkivets magasin kom dokumenta som fortalde om den danske statens katastrofale fordanskingsprosjekt. Boka I den bedste mening fortalde skakande lagnader.

Danmarks regjering nekta å ta ansvar for eksperimentet. Statsministrar nekta å be om orsaking. Lars Løkke Rasmussen sa i 2009 at regjeringa såg på kolonitida som ein avslutta del av «vår felles historie».

Grønland var ein dansk koloni fram til 1953, fekk sjølvstyre i 1979, og utvida sjølvstyre i 2009. København styrer berre utanriks- og tryggingspolitikken.

I 2015 bad Redd Barna om orsaking for deltakinga i eksperimentet. I 2019 blei Danmark og Grønland samde om ei historisk utgreiing av tvangsflyttinga. Men eit offisielt «orsak» var framleis uaktuelt.

Det som de blei utsette for, var feil, umenneskeleg, urimeleg og hjartelaust

—  Mette Frederiksen, statsminister i Danmark

Får erstatningar

Først i 2020 kom ordet. Statsminister Mette Frederiksen bad om orsaking for den statlege svikten som råka dei 22 barna.

Dei seks som framleis lever, takka, men tykte Danmark burde by på meir. I 2021 stemna dei den danske staten med krav om erstatningar: Deira rett til privat- og familieliv blei krenkja då dei blei tvangssendt til danske familiar, og seinare til barneheim.

I februar signerte dei eit forlik med staten. Kvar av dei seks får 250.000 danske kroner frå den danske stat, opplyser Social- og Ældreministeriet.

Dei seks er alle rundt 80 år.

– Flyttinga av barna er eit mørkt kapittel i Grønlands og Danmarks felles historie. Det som hendte har hatt store negative konsekvensar for barna, som mista språket, kulturelle identitet og banda til familien, sa sosial- og eldreminister Astrid Krag då ho kunngjorde erstatninga.

orsak

Merka for livet

Førre onsdag samla statsminister Mette Frederiksen dei seks som framleis lever til ein seremoni på Nasjonalmuseet i København, saman med Redd Barna og Raudekrossen. Det var tid for ord:

– Det som dei blei utsette for, var feil, umenneskeleg, urimeleg og hjartelaust.

– De blei hovudpersonar i eit eksperiment som merka dykk for livet. Ingen spurde dykk om de ville delta.

– Me kan ta på oss ansvaret. Og me kan gjere det som er rett i mine augo: å seie orsak. Dei har teke del i noko som aldri skulle skjedd, vedgjekk Frederiksen.

Helene Thiesen er ein av dei seks som lever og som er offentleg kjent. Statsministerens ord gjorde henne godt, fortel ho dansk TV2:

– Det blei meir rørande enn eg hadde trudd. Orda gjekk verkeleg inn i hjarta. Det blei ei stor og flott høgtid, og utruleg at det blei ei skikkeleg orsaking.

Ber om orsaking i Nuuk

Torjer Andreas Olsen er professor i urfolksstudium ved UiT Norges arktiske universitet.

– Kvifor tok det så lang tid for ein dansk statsminister å be om orsaking?

– Det vonde svaret er at kolonitida sit framleis i. Når danske statsministrar har ønskt å vere ferdige, opplever dei som er offer for overgrepa frå koloniåra at dei framleis heng fast i historia, at dei slett ikkje er ferdige. Dei treng at nokon tek ansvar og gjer opp for gammal urett, seier Olsen til Vårt Land.

Tysdag 15. mars er det klart for andre runde i Mette Fredriksens oppgjer med eksperimentet frå 1951. I Grønlands storstove, kulturhuset Katuaq i hovudstaden Nuuk, stiller ho seg fremst på scenen.

Danmarks regjeringssjef er på offisiell vitjing, ho har sendt ord i førevegen:

– I 1951 blei 22 grønlandske barn sendt til Danmark, og det sette spor i kvar einskild. Det betyr mykje å få gje ei offisiell orsaking i Grønland på vegner av heile Danmark for svikten de opplevde.

orsak

Nordiske sanningar

Danmark er ikkje åleine i Norden om å gjere bot for gammal urett i møte med nasjonale urfolk.

Regjeringa i Finland sette i 2021 ned ein sannings- og forsoningskommisjon for å kartleggje korleis det samiske folket er blitt handsama opp gjennom historia, og dessutan leggje fram tiltak som kan fremme forsoning. Rapporten kjem i 2023.

Sveriges regjering sette i november ned ein tilsvarande kommisjon, som skal levere rapporten i 2025. I Sverige skal kommisjonen «kartleggje og granske politikken som blei ført mot samane i eit historisk perspektiv, og kva konsekvensar det fekk for det samiske folket». Rapporten er ferdig i 2025.

I Norge var det Stortinget som i 2018 oppretta Sannings- og forsoningskommisjonen. Han femner to nasjonale minoritetar, kvenar og skogfinnar, i tillegg til Norges urfolk, samane.

– Kva kan desse kommisjonane komme til å bety for urfolk i Finland, Sverige og Norge, Olsen?

– Sanningskommisjonar utan forsoning er forskingsprosjekt. Difor er forsoningsdelen av mandata særs viktige. Når rapportane blir lagde fram i åra som kjem, vil styresmakter måtte anerkjenne at dei har ansvar for den politikken som blei ført. Men fordi kommisjonane også skal leggje fram forslag til tiltak som kan styrkje forsoningsarbeidet, kan ein komme vidare. For styresmaktene i Finland, Sverige og Norge må forsone seg med den mørke fortida.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter