Nyheter

Fleire private hentar flyktningar, overser Mehls åtvaring

KRIG I UKRAINA: – Ukrainarane treng hjelp no, me kan ikkje vente på norske styresmakter, seier Kathrine Jølle Wathne i Nordic SOS Ukraine. – Heilt rett, seier Noas.

Veke to ut i krigen i Ukraina blei ein ny organisasjon skipa i Norge, Nordic SOS Ukraine. Oppdrag: Frakte ukrainske flyktningar frå Polen til Norge med buss – og om kort tid også til Sverige og Danmark.

Koordinator Kathrine Jølle Wathne er open om at dei har parkert åtvaringa frå Støre-regjeringa og justisminister Emilie Mehl (Sp):

– Ukrainarane som har komme til Polen treng hjelp no, me kan ikkje vente på norske styresmakter. Framfor å åtvare burde også regjeringa ha starta uthentinga til Norge, seier ho til Vårt Land.

Fredag var Nordic SOS Ukraine i byen Krakow i Polen og henta flyktningar.

TRANSPORT: Nordic SOS Ukraine fraktar ukrainske flyktningar frå Polen til Norge med buss – og om kort tid også til Sverige og Danmark.

Hentar i Ukraina

Espen Hovde er ein annan frivillig transportør som overser åtvaringa frå Støre-regjeringa. Med eit knippe økonomiske støttespelarar i bagasjerommet kjørte han torsdag inn i Ukraina for andre gong for å hente ut krigsflyktningar. Han snur i Lviv.

Hovde fnys av orda frå Støre og Mehl:

– Det er eit vanvitig stort behov. Behovet er ikkje berre i Ukraina. Behovet er no i Krakow og overalt i Polen, fortel Hovde til NTB.

polen

Mehl åtvarar

Torsdag kom Mehl til Stortinget og orienterte om kva regjeringa gjer og skal gjere i møte med flyktningane som strøymer ut av Ukraina og inn i Polen, Ungarn, Slovakia og Romania. Fredag passerte talet 2,5 millionar menneske.

Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) har sagt at etablerte hjelpeorganisasjonar er best på å transportere flyktningar. Mehl går eit steg vidare:

– Primært fråråder me at det blir organisert private transportar av ukrainske flyktningar mellom europeiske land.

Mehl seier kriminelle kan løyne seg i flyktningstraumen og med det komme seg til Norge med hjelp frå frivillige transportørar.

– Kva sjekk gjer de av dei som kjem om bord i bussane dykkar, Wathne?

– Me sjekkar ingen i Polen, men me kjører alle til Utlendingsdirektoratet og politiet når bussane kjem til Norge slik at alle skal bli registrerte inn i Norge.

Wathne fortel at dei byggjer opp nettverket i Norge og har kontaktar i Sverige. Dei to første bussane med ukrainarar kom til Rogland sist veke. Reisa blei betalt med pengar frå ein innsamlingsaksjon. No arbeider Watne med å få bedrifter til å sponse organisasjonen.

Busselskap stiller opp

Viljen til å hjelpe ukrainske flyktningar er stor også i kommersielle transportselskap. Tide Buss er Norges nest største busselskap og kjører buss på offentlege kontraktar i Vestland.

Konsernsjef Roger Harkestad har stilt to bussar og seks sjåførar til disposisjon for å hente flyktningar, og fortel Frifagbevegelse.no at han er stolt over dei mange tilsette som ønskjer å ta del i transporten:

– Saman som eit lag kan me hjelpe til med å gjere tilhøva betre for dei millionane med menneske som er råka av denne tragedien.

---

Flyktningar

  • Ukraina har 43 millionar innbyggjarar.
  • Sidan den russiske invasjonen starta 24. februar, har 2,5 millionar flykta til Polen, Ungarn, Slovakia, Romania og Moldova, melde FN fredag.

---

No må norske styresmakter få opp tempoet

—  Paal Nesse, generalsekretær i Noas

«Det er kaos no»

Generalsekretær i Noas, Paal Nesse, har jobba eit langt yrkesliv med flyktningar. Han sender rosande ord til Polen og dei mange frivillige for den jobben dei gjer døgeret rundt.

Han meiner regjeringa i Norge er for treig, men gjev norske frivillige honnør:

– Det er bra at frivillige gjer det dei no gjer - og skummelt at statsministeren åtvarar. No må norske styresmakter få opp tempoet: kva planar har dei, når byrjar dei å transportere ut?

Nesse meiner det er «litt norsk» å måtte ha alt på stell før ein handlar. At alle forskrifter og reglar må vere på plass, «for dersom ikkje, kan det bli kaos».

– Men det er kaos no. Å vente for å planleggje meir, er umusikalsk. Det har gått 14 dagar, kva er er dei konkrete norske tiltaka, spør Nesse.

portugal

Eit land har byrja å flyge ut ukrainarar frå Polen. Portugals styresmakter seier dei kan ta i mot titusenvis utan problem.

– Me har ein stor, ukrainsk folkesetnad som er fullt ut integrert og etablert. Mange av dei som kjem til Portugal no, har vener eller familie som allereie bur her og som vil hjelpe i den første fasen, seier landets justisminister Francisca Van Dunem.

Det bur nesten 30.000 ukrainarar i Portugal.

Rosar EU

Samstundes som Paal Nesse i Noas ber både Norge og EU snu seg raskare rundt, er han svært imponert over at EU-kommisjonen vedtok mellombelsdirektivet, som svarar til det norske vedtaket om mellombels, kollektivt vern.

– Dei siste 20 åra har ikkje EU klart å bli samde om noko når det kjem til flyktningar. No brukte dei berre seks dagar på å bli samde. I 2015 opplevde Italia og Hellas at dei blei sitjande med ansvaret. Det kan ikkje skje igjen.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Une Bratberg

Une Bratberg

Une Bratberg er utenriksjournalist og kommentator i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter